Autosøk

Undervisningsstilling

FINN-kode

Storvegen 195, 3880 Dalen

Job Description

Undervisningsstilling

Vest-Telemark vidaregåande skule har ledig 100% fast undervisningsstilling innan faga norsk, samfunnskunnskap og sosiologi/sosialantropologi med oppstart frå 01.08.2026 eller så snart som råd.

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene vil hovudsakleg vere undervisning i faga norsk, samfunnskunnskap og programfaget sosiologi og sosialantropologi på studieførebuande og yrkesfaglege utdanningsprogram. Har du eit eller fleire undervisningsfag i tillegg til dei nemnte, kan undervisning i desse faga bli aktuelt på sikt.

Kvalifikasjonar

Vi søkjer etter ein medarbeidar, adjunkt eller lektor, med PPU eller tilsvarande praktisk-pedagogisk utdanning og formell undervisningskompetanse i norsk, samfunnskunnskap og sosiologi/sosialantropologi. Du må gjerne ha erfaring med klasseleiing og undervisning i vidaregåande skule eller frå ungdomstrinnet, men dette er ikkje eit krav.

Personlege eigenskapar

Gode samarbeidsevner er viktig for det kollegiale og faglege samarbeidet, men og for å få til det beste laget rundt eleven. Vi ynskjer medarbeidarar som trivst saman med ungdom og som kan etablere og halde på gode relasjonar. I tillegg må du kunne arbeide sjølvstendig, systematisk og samvitsfullt. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Vi tilbyr

Ved Vest-Telemark vidaregåande blir du del av eit inkluderande og humørfylt arbeidsmiljø. For regionen utgjer skulen ein kompetansearbeidsplass med rom for fagleg utvikling og deltaking i eit spennande profesjonsfellesskap. Arbeidstid i tråd med gjeldande avtaler gir eit komprimert arbeidsår med fri i skulen sine feriar. Du har rett på offentleg tjenestepensjon.

Requirements

  • Du må ha formell undervisningskompetanse i norsk, samfunnskunnskap og sosiologi/sosialantropologi.
  • Du må ha PPU eller tilsvarande praktisk-pedagogisk utdanning.
  • Du må ha gode samarbeidsevner for å fungere godt i det kollegiale og faglege miljøet.
  • Du må kunne etablere og halde på gode relasjonar til ungdom.
  • Du må kunne arbeide sjølvstendig, systematisk og samvitsfullt.

Skills

UndervisningKlasseleiingNorsk (fag)SamfunnskunnskapSosiologi og sosialantropologiRelasjonsbyggingSamarbeidsevner

Experience

mid-level

Similar Jobs