Sign in to auto-apply
Job Description
Barnehagelærar
Søvik barnehage har ei ledig fast 100% stilling som barnehagelærar frå 01.10.26. Søvik barnehage har tre avdelingar og ligg i naturskjønne omgjevnader, med fjøra rett utanfor gjerdet og kort veg til skog og fjell.
Arbeidsoppgåver
- Iverksette og leie det pedagogiske arbeidet på si avdeling, i tråd med ramme- og lovverk.
- Rettleie og bidra til at barnehagelova og rammeplanen vert oppfylt gjennom det pedagogiske arbeidet.
- Planlegge, gjennomføre, dokumentere, vurdere og utvikle arbeidet i barnegruppa.
- Skape eit trygt, inkluderande og stimulerande læringsmiljø for alle barn.
- Samarbeide tett med føresette og kollegaer for å sikre heilskapleg oppfølging av barna.
Vi tilbyr
- Eit utviklingsorientert fagleg miljø og stimulerande omgjevnader.
- Ein barnehage fint plassert, nær sjø, skog og skule.
- Løn etter gjeldande tariff.
- God pensjonsordning.
Requirements
- Du må ha utdanning som barnehagelærar/førskulelærar eller anna treårig pedagogisk høgskuleutdanning med vidareutdanning i barnehagepedagogikk.
- Du må ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
- Du må vere løysingsorientert, fleksibel og open for endring.
- Du må kunne jobbe sjølvstendig og vere synleg i barnegruppa.
- Du må ha evne til å samarbeide godt med både kollegaer, føresette og eksterne samarbeidspartnarar.
Skills
Pedagogisk leiingBarnehagepedagogikkBarns medverknadSamarbeidsevnerKommunikasjonPlanlegging og dokumentasjon
Salary
Løn etter gjeldande tariff
Experience
junior