Ver med og forme ei ny og sentral rolle innan økonomi og verksemdsstyring
Adecco Select
Torvmyrane 29, 6160 Hovdebygda
Sign in to auto-apply
Job Description
Ver med og forme ei ny og sentral rolle innan økonomi og verksemdsstyring
Volda og Ørsta Reinhaldsverk IKS, saman med dotterselskapet sitt Retura Søre Sunnmøre AS, søkjer no ein framtidsretta og engasjert økonomileiar. Dette er ei sjeldan moglegheit til å tre inn i ei nyoppretta nøkkelrolle med stor påverknad.
Om rolla
Som økonomileiar vil du ha eit overordna ansvar for økonomifunksjonen i begge verksemdene. Rolla spenner frå operativ økonomioppfølging til strategisk rådgjeving, og du vil vere ein sentral bidragsytar i avgjerdsprosessar og vidare utvikling.
Nokre av dei viktigaste oppgåvene dine
- Overordna ansvar for økonomistyring, rapportering og oppfølging mot leiing og styre.
- Leie budsjett- og oppfølgingsprosessar og ha ansvar for årsoppgjer.
- Utarbeide avgjerdsgrunnlag og bidra til forbetring og gode strategiske prioriteringar.
- Analysere og vidareutvikle styringsinformasjon og nøkkeltal.
- Forvalte finansielle område som likviditet, lån og forsikringar.
- Bidra til utvikling av system og digitale løysingar.
- Delta i anskaffingar og følgje opp avtalar og leverandørar.
Requirements
- Du har høgare økonomisk utdanning.
- Du har erfaring frå økonomi, rekneskap eller controlling.
- Du har god systemforståing og interesse for IKT og digital utvikling.
- Det er ein fordel med erfaring frå offentleg verksemd eller komplekse organisasjonar/konsern.
- Du er analytisk, strukturert og evnar å omsetje innsikt til gode avgjerdsgrunnlag.
Skills
ØkonomistyringBudsjetteringÅrsoppgjerStrategisk rådgjevingFinansiell analyseSystemforståingDigital utvikling
Experience
mid-level