Sign in to auto-apply
Job Description
Kultursjef
Kinn kommune har høge ambisjonar om å vere ein tydeleg samfunnsutviklar og leverandør av gode tenester. For å gjere dette treng vi dyktige og motiverte leiarar og medarbeidarar. Kommunen sin samfunnsplan gir kultur ei sentral rolle i samfunnsutviklinga og i møte med nye omstillingskrav.
Det er no ledig fast stilling som kultursjef. Dette er ei leiarstilling innanfor eit felt der samfunnsutvikling, tenesteproduksjon, samarbeid med frivilligheita, næringsliv, kulturliv, innbyggjarar og internt i kommunen er det sentrale. Stillinga er organisert under kommunalsjef for samfunn, kultur og miljø.
Kulturområdet har i underkant av 30 årsverk, innan følgjande fagavdelingar: kulturskulen, ungdomsarbeid, bibliotek, kulturhusdrift, og frivilligheit. Fagområda er organisert med kvar sin avdelingsleiar/rektor. I tillegg kjem stabsarbeid/sakshandsaming/idrett.
Det er bestemt at kulturskulen og kulturtenesta skal slås saman til ei teneste, leia av ein kultursjef. Den vedtekne samanslåinga av kulturtenesta og kulturskulen er meint å gje ei meir samordna og kraftfull satsing på kultur i kommunen. Samtidig skal ny organisering ivareta kulturskulen sitt mandat gjennom opplæringslova og kulturlova. Ny kultursjef vil få ansvaret for å sette i verk denne samanslåinga.
Du kan velje kontorstad; Måløy eller Florø. Arbeidsstad er i heile vår flotte kommune. Uansett må du vere innstilt på å tilpasse arbeidskvardagen din, slik at du er der det er behov for dialog med innbyggjarar/næringsliv/kulturliv og utøving av leiing. Som kultursjef vil du ha stort handlingsrom til å sette dagsorden for kulturområdet innanfor dei økonomiske og organisatoriske rammene for området.
Arbeidsoppgåver
- Leie kulturområdet med ansvar for følgjande fagområde/avdelingsleiarar, kulturskulen, bibliotek, kulturhusa, ungdomsarbeid og frivilligheit.
- Sette dagsorden for den faglege utviklinga og drift innanfor tenesta sine felt.
- Dialog og samarbeid med frivillige organisasjonar og profesjonelt kulturliv vil vere heilt sentralt.
- Sette kultur på dagsorden i møte med omstillingskrav og utviklinga av samfunnet som heilskap.
- Forvaltning av søknadsordningar.
- Fullføre samanslåingsprosessen mellom kulturtenesta og kulturskulen.
- Personalleiing.
- Økonomistyring.
- Deltaking i leiarnettverk både internt i kommunen og i regionale nettverk innan fagområda.
Vi tilbyr
- Å vere ein arbeidsgjevar som ynskjer å leggje til rette for samfunnsutvikling.
- Eit godt etablert leiarnettverk med «låg terskel» mellom ulike avdelingar og fagfelt i kommunen.
- Godt arbeidsmiljø og dyktige kollegaer.
- Fleksibel arbeidstid.
- Løn etter avtale.
- Tilsetting på kommunale vilkår.
- Medlemsskap i offentleg pensjonsordning KLP.
Requirements
- Du må ha kulturfagleg høgare utdanning frå høgskule eller universitet.
- Du må ha relevant leiarerfaring.
- Du må ha erfaring frå offentleg forvaltning eller anna relevant erfaring.
- Du må ha erfaring frå utviklingsarbeid.
- Du må vere genuint opptatt av samfunnsutvikling og omstilling.
Skills
Experience
senior