Fagansvarlig teknisk byggdokumentasjon (FDV)
Vil du vere med å forme framtida for digital byggdokumentasjon i Vestland fylkeskommune?
Lars Hilles gate 22, 5008 Bergen
Sign in to auto-apply
Job Description
Fagansvarlig teknisk byggdokumentasjon (FDV)
Vil du vere med å forme framtida for digital byggdokumentasjon i Vestland fylkeskommune? Vestland fylkeskommune forvaltar eit stort og variert eigedomsportefølje. For at bygga våre skal driftast effektivt, berekraftig og i samsvar med krav og standardar, er vi avhengige av god teknisk dokumentasjon.
No søkjer vi ein fagansvarleg for teknisk byggdokumentasjon (FDV) som vil få ei sentral rolle i å utvikle og forvalte korleis vi samlar inn, strukturerer og nyttar teknisk informasjon gjennom heile bygget sitt livsløp. Dette er ei stilling for deg som trivst i skjæringspunktet mellom teknologi, system, informasjonsforvaltning og samarbeid med fagmiljø innan bygg, drift og eigedomsforvaltning.
Arbeidsoppgåver
- Vere fagansvarleg og rådgjevar innan FDV og teknisk byggdokumentasjon.
- Sikre at avdelinga har gode rutinar og system for innsamling og forvaltning av FDV-dokumentasjon.
- Forvalte og vidareutvikle dokumentasjonsarkiv og system for FDV-innsamling.
- Utvikle krav og standardar for teknisk dokumentasjon i bygge- og rehabiliteringsprosjekt.
- Sikre etterleving av relevante myndigheitskrav og standardar.
- Bidra til gode overgangar frå bygging til drift.
- Gje opplæring og rettleiing til entreprenørar, prosjektleiarar og brukarar.
Requirements
- Du har teknisk utdanning på minimum bachelornivå innan ingeniørfag, bygg, eigedomsforvaltning eller liknande.
- Du har god forståing for byggdokumentasjon og digitale system.
- Du har god kjennskap til standardar og myndigheitskrav innan fagområdet.
- Du har erfaring med og god forståing for strukturering og forvaltning av informasjon.
- Du har god system- og prosessforståing.
- Du evne til å leie andre og stå i ein kravstillarrolle.
Skills
Experience
mid-level