Sign in to auto-apply
Job Description
Kvalitetsingeniør
Eide Fjordbruk er eit familieeigd selskap og ein pioner i havbruksnæringa. Me ønskjer no å styrkje kvalitetsavdelinga med to nye kvalitetsingeniørar som vil vere med på å vidareutvikle kvalitetsarbeidet vårt.
Om stillinga:
Stillinga som kvalitetsingeniør er ei nøkkelrolle i arbeidet med å nå konsernets visjon. Målet med rollane er å sikre at Eide har strukturane, systema og prosessane som trengs for å sikre kvalitet i alle ledd – frå produksjon og produktutvikling til sertifisering og etterleving av gjeldande krav.
Arbeidsoppgåver:
- Bidra til at konsernet etterlev aktuelle lovar, forskrifter, sertifiseringar og standarder.
- Følge opp kvalitetssystemet, inkludert registrering, behandling og oppfølging av avvik.
- Bistå med risikoanalysar og byggje system i Landax.
- Planleggje, gjennomføre og følge opp interne og eksterne revisjonar.
- Identifisere forbetringsområde og bidra til kontinuerleg forbetring (Lean).
Me søkjer etter to personar der primæransvar vil vera oppfølging av drift for den eine og oppfølging av teknologiprodusenten Watermoon for den andre.
Requirements
- Relevant utdanning innan kvalitetsarbeid, ingeniørfag, produksjon, akvakultur eller tilsvarande.
- Erfaring med kvalitetsarbeid, kvalitetssystem, dokumentasjon, avvikshandtering eller prosessforbetring er ønskeleg.
- Kjennskap til relevante standardar, sertifiseringar og lovkrav (gjerne NS 9415:2021, Nytek23 eller ISO 9001).
- Gode digitale ferdigheiter og evne til å arbeida strukturert og systematisk.
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
- Førerkort klasse B.
Skills
Kvalitetssikring (QA)RisikoanalyseAvvikshandteringRevisjon (Audit)LandaxLean-metodikkDokumentasjonsstyringProsjektstøtte
Experience
mid-level