Autosøk

Nattevakt i Lindevika buteneste

Visste du dette?

Lindevika 20, 5392 Storebø

Job Description

Om arbeidsstaden

Helse og velferd er ei eining med om lag 200 tilsette, leia av kommunalsjef. Eininga omfattar pleie- og omsorgstenester, tildelingskontor, legetenesta, jordmortenesta, ergo- og fysioterapitenesta, miljøarbeidartenesta, NAV, psykisk helse og rus, kreftomsorg og frivillig arbeid.

Om stillinga

Vil du ha ein jobb der du verkeleg gjer ein forskjell i kvardagen til andre? Ved Lindevika buteneste blir du ein del av eit engasjert og fagleg sterkt miljø som jobbar tett på menneske med nedsett funksjonsevne. Vi har no ledig 80% nattevaktstilling. I tillegg har vi ledige helgestillingar med varierande stillingsprosent.

Ansvars- og arbeidsoppgåver

  • Gi praktisk hjelp og støtte i kvardagen til personar med nedsett funksjonsevne.
  • Vere ein trygg og stabil vaksenperson som legg til rette for gode relasjonar, meistring og sosial deltaking.
  • Planlegge og gjennomføre aktivitetar og miljøterapeutiske tiltak tilpassa den enkelte sine behov.
  • Bidra til målretta miljøarbeid og oppfølging i tråd med vedtak og tiltaksplanar.
  • Medisinhandtering og -administrasjon for tilsette med helsefagleg kompetanse og gyldig delegasjon.

Vi tilbyr

  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling i eit positivt og kompetent fagmiljø.
  • Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver med spanande utfordringar.
  • Løn etter kvalifikasjonar.
  • Turnustillegg der det er aktuelt.
  • Årsturnus med moglegheit for å påverke eigen arbeidstid.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.

Requirements

  • Du må ha fagbrev som helsefagarbeidar.
  • Du må ha god digital kompetanse.
  • Du må inneha førarkort klasse B.
  • Du må ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
  • Du må kunne vise gyldig politiattest ved tilsetting.

Skills

HelsefagarbeidMiljøarbeidMedisinhandteringDokumentasjonRelasjonsbyggingSamarbeidsevner

Experience

entry-level

Similar Jobs