Autosøk

Ynskjer du å arbeida som badevert i Vossabadet?

Voss herad Vossabadet

Voss

Job Description

Vossabadet søkjer badevert i 84 % fast stilling

Vil du vere med på laget som gjer Vossabadet til ein trygg og kjekk stad for alle? Me leitar etter deg som er serviceinnstilt, trygg i vatnet, og glad i varierte arbeidsdagar – kort sagt, ein ekte badevert!

Stillinga ligg til Vossabadet og Voss Idrettshall KF. Du vert ein del av ei aktiv, fleirspråkleg og kjekk gruppe med ansvar for å drifta Vossabadet, Voss Idrettshall og Utebassenget på Voss. Arbeidet er prega av ein flat struktur og at alle tilsette er involvert og medverkande til korleis me best kan løysa oppgåvene me gjer.

Som badevert hjå oss har du ei nøkkelrolle i å sørge for tryggleik, reinhald og ein positiv gjesteoppleving. Du vil jobbe med alt frå tradisjonell badevaktteneste og reinhald, til resepsjon og kaféarbeid.

Arbeidsoppgåver og ansvar:

  • Overvake bassengområdet og sikre tryggleiken for våre badegjester.
  • Bidra til reinhald og trivsel i anlegget.
  • Levere strålande service i resepsjon og kafé.
  • Delta i vedlikehald av eigne ferdigheiter, inkludert halvårleg livredningstest.

Me tilbyr:

  • Ein arbeidsgjevar som trur på at glade og nøgde tilsette gjev glade kundar.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Løn etter kommunalt avtaleverk.
  • Full opplæring innan livredning/fyrstehjelp, reinhald og driftsrutinar.

Requirements

  • Du har gode symjekunnskapar og kan dykke ned til 3,9 meter.
  • Du er ein positiv lagspelar som bidrar til eit godt arbeidsmiljø.
  • Du er ansvarsbevisst og handterer myndig situasjonar når det trengst.
  • Du må kunne delta i halvårleg livredningstest.

Skills

LivredningFyrstehjelpReinhaldKundeserviceResepsjonsarbeidKaféarbeid

Experience

entry-level

Similar Jobs