Autosøk

Har du erfaring frå legekontor, laboratoriearbeid, akuttmedisin og kommunal helse- og omsorgsteneste? Då vil me gjerne ha din søknad.

Ål kommune Ål legetenester

Helsetunvegen 17, 3570 Ål

Job Description

Sjukepleiar / paramedisinar

Vil du jobbe i ei teneste som gir deg varierte oppgåver innan kommunehelsetenesta og legevaktmedisin, i eit fagmiljø med høg kompetanse og stort engasjement? Då kan du vere den me ser etter!

Me er eit spennande medisinsk knutepunkt, samlokalisert med sjukeheimen, heimetenesta, Hallingdal sjukestugu, ambulansetenesta, og base for Norsk luftambulanse. Den lange avstanden til sjukehus gjer at me handterer alt frå infeksjonar til alvorlege akutte situasjonar.

Arbeidsoppgåver:

  • Svare på førespurnader og vurdere hastegrad frå innbyggjarar og gjester.
  • Samhandle med lege for å sikre trygge pasientforløp.
  • Arbeid på laboratorie og skadestue.
  • Gje relevant råd og rettleiing til pasientar.
  • Hjelpe legane med oppfylging av pasientar med kroniske lidingar.
  • Medikamenthandtering.
  • Koordinering av nødnett med telefonteneste ved vaktsentral.
  • Tverrfaglig akuttmedisinsk samhandling.

Requirements

  • Du må ha bachelor i sjukepleie eller vere paramedisinar med norsk autorisasjon.
  • Du må ha minimum 2 års relevant arbeidserfaring.
  • Du må ha god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne, minimum C1-nivå.
  • Du må inneha førarkort klasse B.
  • Du må kunne jobbe sjølvstendig, vere løysningsorientert og evne å ta raske avgjersler.

Skills

AkuttmedisinLaboratoriearbeidTriageringMedikamenthandteringNødnett-koordineringSårbehandlingDigital pasientbehandling

Experience

mid-level

Similar Jobs