Vernepleier/Helsefagarbeidar 80-100 % fast stilling med 12,5-timarsvakter
Ål kommune Heimetenester
Helsetunvegen 5, 3570 Ål
Sign in to auto-apply
Job Description
Vernepleier/Helsefagarbeidar 80-100 % fast stilling med 12,5-timarsvakter
Ønskjer du ein meiningsfull jobb der du får bidra til å styrke ein person si sjølvstende og meistring i kvardagen? Ål kommune Heimetenester har ledig inntil 100 % fast stilling med arbeid etter årsturnus. Stillinga vil innebere i hovudsak 12,5-timarsvakter og er pr dags dato knytt til oppfølging av ei vaksen kvinne med erverva kognitiv svikt.
Arbeidsoppgåver
- Ein-til-ein oppfølging av brukar i eigen heim og nærmiljø.
- Rettleiing og tilrettelegging i daglege aktivitetar (ADL).
- Motivere, støtte og igangsette oppgåver og aktivitetar.
- Arbeide målretta for å auke brukar sin sjølvstende og meistring.
- Rapportere i tråd med interne rutinar og gjeldande lovverk.
- Samarbeid med pårørande og aktuelle fagpersonar.
Me tilbyr
- Inntil 100 % fast stilling med tilbod om langvakter (12,5 timer).
- Arbeid kvar 3. helg, gode friperiodar og årsturnus.
- Eit tverrfagleg, innovativt fagmiljø med fokus på fagleg kvalitet.
- Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling, inkludert internkurs og vidareutdanning.
- Fadderordning for nytilsette og personleg oppfølging.
- Lønn etter gjeldande tariffavtale og pensjonsordning i KLP.
Requirements
- Du må ha autorisasjon som vernepleier eller helsefagarbeidar.
- Du må ha gode norskkunnskapar, minimum på B2-nivå.
- Du må inneha førarkort klasse B.
- Du må kunne arbeide målretta for å auke brukaren si sjølvstende og meistring.
- Du må vere tydeleg, strukturert og trygg i møte med menneske.
Skills
VernepleieHelsefagarbeidMiljøarbeidADL-oppfølgingRelasjonsbyggingTverrfagleg samarbeidDokumentasjon og rapportering
Experience
entry-level