Autosøk

Vil du gjere ein forskjell i folks kvardag -- og bidra til gode tenester for personar med demens og deira pårørande?

Austevoll kommune

Birkelandsvegen 2, 5392 Storebø

Job Description

Demenskoordinator

Austevoll kommune har ledig ein spennande og variert 60 % fast stilling som demenskoordinator. Stillinga er nyoppretta og kan kombinerast med anna deltidsstilling eller 40% turnus i heimetenesta dersom ønskeleg.

Arbeidsoppgåver

  • Vere ein del av koordinatorfunksjonen til kommunen.
  • Kartlegging, oppfølging og koordinering av tenester til personar med demens og pårørande.
  • Rettleiing og rådgiving til brukarar, pårørande og tilsette.
  • Bidra til tidleg oppdaging og oppfølging av demenssjukdom.
  • Samarbeide med fastlegar, spesialisthelsetenesta og andre relevante aktørar.
  • Delta i fagutvikling, undervisning og kompetanseheving innan demensomsorg.
  • Bidra til utvikling av demensplan og saksbehandling.

Vi tilbyr

  • Moglegheit til å påverke og vidareutvikle demensarbeidet i kommunen.
  • Dyktige og engasjerte kollegaer i eit godt arbeidsmiljø.
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling, kurs og kompetanseheving.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Moglegheit for sletting av studiegjeld (kr 25.000,- per år).

Requirements

  • Du må ha norsk autorisasjon som sjukepleiar.
  • Du må ha førarkort klasse B.
  • Du må ha gode norskferdigheiter, både munnlege og skriftlege.
  • Det er ønskeleg med vidareutdanning innan demens, geriatri eller psykisk helse.
  • Erfaring frå arbeid med personar med demens er ein fordel.
  • Du må kunne leggje fram politiattest før tiltreding.

Skills

SjukepleieDemensomsorgKoordineringRettleiing og rådgivingSaksbehandlingDigitale ferdigheiter

Experience

mid-level

Similar Jobs