Autosøk

Førstekonsulent/seniorkonsulent i Servicetorget, Campus Haugesund

Høgskulen på Vestlandet

Bjørnsonsgate 45, 5528 Haugesund

Job Description

Førstekonsulent/seniorkonsulent i Servicetorget, Campus Haugesund

Høgskulen på Vestlandet har ledig ei fast stilling (100 %) som førstekonsulent/seniorkonsulent i Servicetorget ved Campus Haugesund. Servicetorget høyrer til Avdeling for studieadministrasjon som har omlag 60 tilsette fordelt på alle dei fem studiestadane til HVL. Servicetorget er høgskulen si fyrstelinje.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Handsame førespurnader til fyrstelinja på telefon og e-post
  • Publikumsmottak
  • Studieadministrative oppgåver
  • Andre påkommande arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene er i utvikling, særleg med tanke på digitalisering. Endring i arbeidsoppgåver må difor påreknast.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Requirements

  • Du må ha bachelorgrad eller spesialistutdanning tilpassa oppgåvene, eventuelt relevant erfaring/realkompetanse.
  • Du må ha god forståing for kva som er god kundeservice.
  • Du må ha gode språkkunnskapar skriftleg og munnleg i norsk og engelsk.
  • Du må ha god forståing for IT-verktøy og evne til å setje deg inn i nye administrative system.
  • Du må vere løysingsorientert, profesjonell og trivast med å jobbe i team.

Skills

KundeserviceSaksbehandlingIT-verktøyKommunikasjonTeamarbeidDigitalisering

Salary

Stillinga er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1408 - førstekonsulent (seniorkonsulent 1363 kan vurderast).

Experience

mid-level

Similar Jobs