Førstekonsulent/seniorkonsulent i Servicetorget, Campus Stord
Høgskulen på Vestlandet
Klingenbergveien 4, 5414 Stord
Sign in to auto-apply
Job Description
Førstekonsulent/seniorkonsulent i Servicetorget, Campus Stord
Høgskulen på Vestlandet har ledig ei fast stilling (50 %) som førstekonsulent/seniorkonsulent i Servicetorget ved Campus Stord.
Servicetorget høyrer til Avdeling for studieadministrasjon som har omlag 60 tilsette fordelt på alle dei fem studiestadane til HVL. Servicetorget er høgskulen si fyrstelinje.
Ansvars- og arbeidsoppgåver:
- Handsame førespurnader til fyrstelinja på telefon og e-post
- Publikumsmottak
- Studieadministrative oppgåver
- Andre påkommande arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene er i utvikling, særleg med tanke på digitalisering. Endring i arbeidsoppgåver må difor påreknast.
Vi tilbyr:
- Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
- Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
- Høve for trening i arbeidstida
Requirements
- Du må ha bachelorgrad eller spesialistutdanning tilpassa dei aktuelle oppgåvene.
- Relevant arbeidserfaring vil bli vektlagt i vurderinga.
- Du må ha god forståing for kva som utgjer god kundeservice.
- Du må ha gode språkkunnskapar skriftleg og munnleg i både norsk og engelsk.
- Du må ha god forståing for og erfaring med bruk av IT-verktøy.
Skills
KundeserviceSaksbehandlingIT-verktøyKommunikasjonSamarbeidsevnerDigitalisering
Experience
mid-level