Autosøk

Sjukepleiar 90% fast - Øygarden lokalmedisinske senter

Om avdelinga:

Blombakkane 77, 5354 Straume

Job Description

Om avdelinga

Ved Øygarden Lokalmedisinske senter jobbar flinke sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, assistentar, ergo-/fysioterapeutar og legar i lag for å gje gode tverrfaglege tenester. Målet er å gje pasientane trygge og profesjonelle tenester, for å skape gode pasientforløp og god overgang til heimen.

Øygarden lokalmedisinske senter inneheld ulike helsetenester, både kommunale, fylkeskommunale og private, i tillegg til spesialisthelseteneste. Stillingane her er knytt til Øygarden lokalmedisinske senter og korttidspasientar. Pasientane kjem i hovudsak til oss frå sjukehuset. Vi har tre avdelingar som alle jobbar med korttidspasientar, i tillegg har avdeling Sør fokus på palliasjon, avdeling Nord ØH-pasientar og 2. etg på rehabilitering. Denne stillinga er lagt under avdeling Nord.

Stillinga blir lagt i årsturnus. Deler av stilling ligg i timebank. Alle sjukepleiarar får eit tillegg på 35 000,-

Arbeidsoppgåver:

  • Oppfølging, pleie og behandling av pasientane
  • Arbeide for å hjelpe pasienten til å nå sine mål og avdekke kva som er viktig for dei
  • Arbeide lojalt og aktivt etter Øygarden lokalmedisinske senter sitt krav til kvalitet og fagprosedyrar for å sikre forsvarleg tenester
  • Rettleiing, opplæring og utviklingsarbeid
  • Tverrfagleg arbeid
  • Vere ein god rollemodell for å skape eit kreativt og utviklande fagmiljø

Requirements

  • Du må vere autorisert sjukepleiar.
  • Du må kunne snakke og skrive godt norsk.
  • Du må vere systematisk og ha god orden.
  • Du må ha gode IT-kunnskapar.
  • Du må vere opptatt av pasienten sin rett til medbestemmelse og involvere pårørande.

Skills

SjukepleiePasientoppfølgingTverrfagleg samarbeidRehabiliteringPalliasjonIT-kunnskap

Salary

35 000,- tillegg for sjukepleiarar

Experience

mid-level

Similar Jobs