Sign in to auto-apply
Job Description
Er du helsefagarbeidar og vil være med å skape nye moglegheiter saman med oss på Rehabiliteringsavdelinga ved Luranetunet?
Rehabiliteringsavdelinga v/ Luranetunet bu- og behandlingssenter er ei korttidsavdeling med 20 plassar. Avdelinga er ei fagleg sterk avdeling med stort hjarte, mykje humor og der tilsette har låg terskel for å spørja kvarandre om hjelp.
Rehabiliteringsavdelinga har spesialisert seg på rehabilitering og her får du høve til å arbeide i eit tverrfagleg team saman med engasjerte sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, assistentar, treningsterapeutar, fysio- og ergoterapeut, samt lege. Avdelinga samarbeider tett med heimebaserte tenester og fastlegen til pasientane.
Kvifor jobbe ved Luranetunet
- Du vil få store variasjonar i arbeidsoppgåver og gode muligheter for å bygge kompetanse.
- Luranetunet har eit lærande miljø med mange elevar, studentar og lærlingar.
- Kommunen har gode vilkår for stønad til vidareutdanning.
- Godt arbeidsmiljø med kollegaer som støttar kvarandre.
- Gunstige pensjons- og forsikringsordningar.
Om arbeidsplassen
Luranetunet bu- og behandlingssenter ligg berre nokre minutt frå Bergen og har 175 plassar fordelt på 2 korttidsavdelingar og 7 langtidsavdelingar. Vi har både rehabilitering, behandling og avdelingar spesielt tilrettelagt for personar med demens.
Requirements
- Du må ha autorisasjon som helsefagarbeidar, gjerne med relevant vidareutdanning.
- Du må ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
- Du må vere trygg, ansvarsfull og ha gode samarbeidsevner.
- Du må vere fagleg engasjert og oppteken av læring og utvikling.
- Du må kunne legge fram politiattest før oppstart.
Skills
Experience
mid-level