Sign in to auto-apply
Job Description
Sjukepleiar
Er du sjukepleiar og vil være med å skape nye moglegheiter saman med oss på Rehabiliteringsavdelinga ved Luranetunet?
Rehabiliteringsavdelinga v/ Luranetunet bu- og behandlingssenter er ei korttidsavdeling med 20 plassar. Avdelinga er ei fagleg sterk avdeling med stort hjarte, mykje humor og der tilsette har låg terskel for å spørja kvarandre om hjelp. Rehabiliteringsavdelinga har spesialisert seg på rehabilitering og her får du høve til å arbeide i eit tverrfagleg team saman med engasjerte sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, assistentar, treningsterapeutar, fysio- og ergoterapeut, samt lege.
Som sjukepleiar på Luranetunet bu- og behandlingssenter vil du få moglegheit til å bli kjent med alle avdelingane. Dette skapar varierande arbeidskvardagar, brei erfaring og kunnskap innan mange ulike område og du må vera førebudd på å bruka kompetansen din der behovet til ei kvar tid er størst.
Kvifor jobbe ved Luranetunet
- Du vil få store variasjonar i arbeidsoppgåver og gode muligheter for å bygge kompetanse.
- For sjukepleiarar i turnus i pasientnært arbeid, tilbyr Bjørnafjorden kommune eit tillegg i grunnlønn på kr. 25.000 over garantilønnstabellen.
- Luranetunet har eit lærande miljø med mange elevar, studentar og lærlingar.
- Kommunen har gode vilkår for stønad til vidareutdanning.
- Godt arbeidsmiljø med kollegaer som støttar kvarandre.
- Gunstige pensjons- og forsikringsordningar.
Requirements
- Du må ha autorisasjon som sjukepleiar, gjerne med relevant vidareutdanning.
- Du må ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
- Du må vere trygg, ansvarsfull og ha gode samarbeidsevner.
- Du må vere fagleg engasjert og oppteken av læring og utvikling.
- Du må kunne leggje fram politiattest før oppstart.
Skills
Salary
Garantilønn + kr. 25.000 tillegg for turnusarbeid
Experience
mid-level