Autosøk

Fysioterapeut

📍 Arbeidsstad: Førde sentralsjukehus

Svanehaugvegen 2, 6812 Førde

Job Description

Om stillinga

Barn og unge habilitering har ledig 100 % fast stilling som fysioterapeut/ spesialfysioterapeut ved Førde sentralsjukehus. Vi søkjer ein engasjert fysioterapeut som ønskjer å vere med og gjere ein forskjell for barn og unge med medfødde eller erverva funksjonsnedsetjingar.

Arbeidsoppgåver

  • Undersøkje, kartleggje og vurdere motorisk funksjon hos barn og unge.
  • Planleggje og gjennomføre fysioterapeutiske tiltak, med hovudvekt på rettleiing av foreldre, kommunale tenester og andre samarbeidspartnarar.
  • Delta i tverrfagleg utgreiing og oppfølging.
  • Bidra i ambulant verksemd og samarbeidsmøte i kommunane.
  • Dokumentere og journalføre i tråd med gjeldande rutinar og kvalitetskrav.
  • Delta i utviklingsarbeid, kvalitetsforbetring og fagutvikling i seksjonen.

Vi tilbyr

  • Ei spennande og variert stilling med stor fagleg breidde.
  • Eit sterkt tverrproffesjonelt fagmiljø med høg kompetanse.
  • Gode moglegheiter for kontinuerleg læring, fagutvikling og kompetanseheving.
  • Moglegheit til å ta i bruk kunstig intelligens (KI) som støtte i journalskriving og dokumentasjon.
  • Mentor-/fadderordning for nytilsette.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.

Requirements

  • Du må ha norsk autorisasjon som fysioterapeut.
  • Du må ha interesse for habilitering og arbeid med barn og unge.
  • Du må ha god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.
  • Det er ønskjeleg med erfaring frå habilitering eller kommunehelsetenesta.
  • Det er ønskjeleg med erfaring frå tverrprofesjonelt samarbeid.
  • Det er ønskjeleg med førarkort klasse B.

Skills

FysioterapiHabiliteringTverrfagleg samarbeidRettleiingKartlegging og vurderingDokumentasjon og journalføring

Experience

entry-level

Similar Jobs