Helgestillingar - Heimetenester Os
Har du eit hjarta for eldreomsorg med ønske om ein god arbeidsplass og spennande utfordringar?
Holen 1, 5200 Os
Sign in to auto-apply
Job Description
Helgestillingar - Heimetenester Os
Har du eit hjarta for eldreomsorg med ønske om ein god arbeidsplass og spennande utfordringar? Då kan du vera den rette for oss! Vi har ledig faste helgestillingar i omlag 12 % stilling frå snarast.
Arbeidsstad
Heimetenester Os - Fleire avdelingar
Arbeidsoppgåver
Vårt mål er at alle brukarar skal få bu i eigen heim så lenge dei kan. Stillinga inneber difor praktisk bistand i private heim. Arbeidet er variert, hektisk og innimellom litt uforutsigbart. Du vil sjølvsagt få opplæring der arbeidsoppgåvene i hovudsak er:
- Pleie og miljøarbeid i brukar sin heim (t.d. personleg hygiene, tilberede mat, administrere og utlevere medisinar)
- Motivere brukar til å vere best i stand til å klare seg sjølv
- Snakke med og støtte brukar
Vi tilbyr
- Løn etter gjeldande avtalar.
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
- God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
Requirements
- Du må ha førarkort klasse B.
- Du må ha gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg.
- Søkjarar utanfor Norden må ha bestått norsk-kurs nivå B1/B2.
- Du må kunne leggja fram politiattest.
- Vi søkjer helsefagarbeidarelever, sjukepleiarstudentar eller andre med relevant helsefagleg erfaring, men andre kan også søkje.
Skills
Pleie og omsorgMedisinhandteringMiljøarbeidKommunikasjonSamarbeidsevnerSjølvstendig arbeid
Experience
entry-level