Autosøk

Sjukepleiarar ved Rehabiliteringsavdelinga på Luranetunet bu- og behandlingssenter

Bjørnafjorden kommune Luranetunet bu -og behandlingssenter

Solstrandsvegen 39, 5200 Os

Job Description

Sjukepleiarar ved Rehabiliteringsavdelinga på Luranetunet bu- og behandlingssenter

Er du sjukepleiar og vil være med å skape nye moglegheiter saman med oss på Rehabiliteringsavdelinga ved Luranetunet? Rehabiliteringsavdelinga v/ Luranetunet bu- og behandlingssenter er ei korttidsavdeling med 20 plassar. Avdelinga er ei fagleg sterk avdeling med stort hjarte, mykje humor og der tilsette har låg terskel for å spørja kvarandre om hjelp.

Rehabiliteringsavdelinga har spesialisert seg på rehabilitering og her får du høve til å arbeide i eit tverrfagleg team saman med engasjerte sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, assistentar, treningsterapeutar, fysio- og ergoterapeut, samt lege. Avdelinga samarbeider tett med heimebaserte tenester og fastlegen til pasientane.

Som sjukepleiar på Luranetunet bu- og behandlingssenter vil du få moglegheit til å bli kjent med alle avdelingane. Dette skapar varierande arbeidskvardagar, brei erfaring og kunnskap innan mange ulike område og du må vera førebudd på å bruka kompetansen din der behovet til ei kvar tid er størst.

Kvifor jobbe ved Luranetunet

  • Du vil få store variasjonar i arbeidsoppgåver og gode muligheter for å bygge kompetanse.
  • For sjukepleiarar i turnus i pasientnært arbeid, tilbyr Bjørnafjorden kommune eit tillegg i grunnlønn på kr. 25.000 over garantilønnstabellen.
  • Luranetunet har eit lærande miljø med mange elevar, studentar og lærlingar.
  • Kommunen har gode vilkår for stønad til vidareutdanning.
  • Godt arbeidsmiljø med kollegaer som støttar kvarandre.
  • Gunstige pensjons- og forsikringsordningar.

Requirements

  • Du må ha autorisasjon som sjukepleiar, gjerne med relevant vidareutdanning.
  • Du må ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
  • Du må vere trygg, ansvarsfull og ha gode samarbeidsevner.
  • Du må vere fagleg engasjert og oppteken av læring og utvikling.
  • Du må kunne koordinere aktivitet og tenester i ein travel kvardag.

Skills

SjukepleieRehabiliteringTverrfagleg samarbeidKoordineringPasientoppfølgingKommunikasjon

Salary

Tillegg i grunnlønn på kr. 25.000 over garantilønnstabellen for sjukepleiarar i turnus.

Experience

mid-level

Similar Jobs