Autosøk

Fysioterapeut / spesialfysioterapeut

Barn og unge habilitering (HABU), Helse Førde

Svanehaugvegen 2, 6812 Førde

Job Description

Om stillinga

Barn og unge habilitering har ledig 100 % fast stilling som fysioterapeut/ spesialfysioterapeut ved Førde sentralsjukehus.

Vi søkjer ein engasjert fysioterapeut som ønskjer å vere med og gjere ein forskjell for barn og unge med medfødde eller erverva funksjonsnedsetjingar. Som fysioterapeut hos oss får du ein variert arbeidskvardag med utgreiing, kartlegging, behandling og oppfølging av barn og unge frå 0–18 år. Du samarbeider tett med barn, familiar, kommunale tenester og andre samarbeidspartnarar, og blir ein del av eit sterkt tverrprofesjonelt fagmiljø.

Arbeidet omfattar både poliklinisk og ambulant verksemd, rettleiing av kommunale tenester og deltaking i tverrfaglege vurderingar og oppfølging.

Arbeidsoppgåver

  • Undersøkje, kartleggje og vurdere motorisk funksjon hos barn og unge.
  • Planleggje og gjennomføre fysioterapeutiske tiltak, med hovudvekt på rettleiing av foreldre, kommunale tenester og andre samarbeidspartnarar.
  • Delta i tverrfagleg utgreiing og oppfølging.
  • Bidra i ambulant verksemd og samarbeidsmøte i kommunane.
  • Dokumentere og journalføre i tråd med gjeldande rutinar og kvalitetskrav.
  • Delta i utviklingsarbeid, kvalitetsforbetring og fagutvikling i seksjonen.

Requirements

  • Du må ha norsk autorisasjon som fysioterapeut.
  • Du må ha interesse for habilitering og arbeid med barn og unge.
  • Du må ha god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.
  • Det er ønskjeleg med erfaring frå habilitering eller kommunehelsetenesta.
  • Det er ønskjeleg med erfaring frå tverrprofesjonelt samarbeid.
  • Førarkort klasse B er ønskjeleg.

Skills

FysioterapiHabilitering av barn og ungeTverrfagleg samarbeidKartlegging og vurderingRettleiingDokumentasjon og journalføring

Experience

mid-level

Similar Jobs