Autosøk

Vil du ha ein meningsfull jobb i helseavdelinga i Sandeid fengsel?

Vindafjord kommune Rus og psykiatri

Rådhusplassen 1, 5580 Ølen

Job Description

Vil du ha ein meningsfull jobb i helseavdelinga i Sandeid fengsel?

Helseavdelinga i Sandeid fengsel søkjer ein engasjert og fagleg sterk sjukepleiar/vernepeiar. Me ser etter deg som vil vere med å vidareutvikle eit viktig helsetilbod.

Sandeid fengsel er kategorisert som eit opent fengsel med lav sikkerheit, og har ein kapasitet på 88 innsette. Sandeid fengsel har eit variert tilbod kva gjeld aktivitetar/arbeid på dagtid, enten dette dreier seg om opplæring/skule eller praktisk arbeid.

Kva får du jobba med hos oss?

  • Individuelle samtalar og medisinoppfølging.
  • Oppfølging, koordinering, rettleiing,- og undervisning.
  • Samarbeid med tilsynslege, spesialisthelsetenesta, skule og kriminalomsorga.
  • Labratoriearbeid.

Me kan tilby:

  • Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
  • Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
  • Moglegheiter for etter- og vidareutdanning i samsvar med vår kompetanseplan.
  • Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
  • Ei av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon.
  • Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
  • Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
  • Rekrutteringstillegg: Kr. 10.000 i rekrutteringstillegg for sjukepleiarar, vernepleiarar innafor helse og omsorg.

Requirements

  • Du må ha norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar.
  • Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg.
  • Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga.
  • Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulinstatus før tiltredelse.
  • Kandidatar med vidareutdanning i psykisk helse og rusarbeid vert oppfordra til å søka.

Skills

Sjukepleie/VernepleiePsykisk helsearbeidRusoppfølgingMedisinoppfølgingRelasjonsbyggingTverrfagleg samarbeidLaboratoriearbeid

Salary

Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk, pluss kr. 10.000 i rekrutteringstillegg.

Experience

mid-level

Similar Jobs