Sign in to auto-apply
Job Description
Helsefagarbeider natt
Kjære alle dyktige helsefagarbeidarar! Me har ledig eit 80 % vikariat som helsefagarbeidar i eitt år ved demensavdelinga på Sivdamheimen 1. etasje. Stillinga er ei rein nattevaktstilling med arbeid anna kvar/kvar tredje helg.
Me ser etter deg som ønskjer å vere med i medarbeidargruppa vår og bidra til tryggleik, glede og omsorg for personar med demens. Hos oss blir du ein del av eit engasjert fagmiljø der pasientane våre står i sentrum, og der me arbeider saman for å skape gode dagar og netter.
Arbeidsoppgåver
- Pleie- og omsorgsoppgåver.
- Tverrfagleg samarbeid og rettleiing.
- Miljøarbeid med fokus på å skapa gode dagar for pasientane.
- Prioritera og delegera oppgåver etter behov.
- Bidra til fagleg utvikling og kvalitetsarbeid.
- Dokumentasjon i Profil i tråd med gjeldande rutinar.
Vi tilbyr
- Gode pensjonsordningar (KLP).
- Løn etter tariff.
- Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø.
- Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling.
Requirements
- Du må ha autorisasjon som helsefagarbeidar.
- Du må ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg (minimum tilsvarande nivå B2).
- Det er ein fordel med erfaring frå arbeid med personar med demens.
- Du må ha gode datakunnskapar for bruk av journalsystemet Profil.
- Du må kunne arbeide både sjølvstendig og i team.
Skills
Pleie og omsorgDemensomsorgDokumentasjon (Profil)Tverrfagleg samarbeidMiljøarbeidKommunikasjon
Experience
junior