Sign in to auto-apply
Job Description
Ledig 100% stilling som sjukepleiar
Vi i Aukra søkjer deg som ønskjer å utgjere ein forskjell i nokon sitt liv, som fast sjukepleiar i 100% stilling. Vi investerer i våre tilsette, og legg derfor til rette for vidareutdanning i samsvar med kompetanseplanen for eininga.
Om oss
Aukra Omsorgssenter ligg på Gossen, 12 minutt med gratis ferje frå Hollingsholmen. Vi flytta inn i Aukra Omsorgssenter i 2018. Omsorgssenteret består av:
- Sjukeheim med tre ulike avdelingar; langtidsavdeling, korttidsavdeling og skjerma avdeling.
- 20 heildøgns omsorgsboligar som blir betent av heimetenesta
- Base for heimebaserte tenester
- Legevaktsatellitt
- Dagsenter
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleiefagleg oppfølging og observasjon av pasientar/bebuarar.
- Handtering og vurdering av akutte situasjonar.
- Administrering av medikament og dokumentasjon etter gjeldande rutiner.
- Samarbeid med lege, legevakt og anna helsepersonell ved behov.
- Mottak og handtering av pasientar på legevaktsatellitt.
- Ivaretaking av pasientane sine grunnleggjande behov og tryggleik.
Vi tilbyr
- Aukra kommune sitt eige stabilitetstillegg på 100 000 kr som blir utbetalt kvart fjerde år.
- 8 års ansiennitet frå fyrste arbeidsdag.
- Tilrettelegging for vidareutdanning.
- Eit veldig kjekt og innhaldsrikt arbeidsmiljø.
- Ein draumeturnus kor vi kan legge til rette for lengre friperiodar.
Requirements
- Du må ha godkjend bachelor i sjukepleie.
- Du må ha gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.
- Du må vere engasjert, fagleg dyktig og spreie arbeidsglede.
- Det er krav om politiattest for tilsette som skal yte tenester etter helse- og omsorgstjenesteloven.
- Erfaring frå eldreomsorga er ønskjeleg.
Skills
SjukepleieMedikamenthandteringPasientoppfølgingAkuttmedisinsk vurderingsevneDokumentasjonTverrfagleg samarbeid
Experience
mid-level