Sign in to auto-apply
Job Description
Områdedirektør
Vil du vere strategisk leiar hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal? Vi søker ein strategisk og utviklingsorientert leiar til stillinga som områdedirektør for verksemdsområdet sosial berekraft.
Du rapporterer til embetsleiinga og inngår i den strategiske leiargruppa. I rolla får du ei viktig oppgåve i å følgje opp nasjonal politikk i fylket og bidra til å utvikle ei moderne, effektiv og framtidsretta forvaltning. Verksemdsområdet sosial berekraft omfattar fem seksjonar: helse, rettstryggleik i omsorg, verjemål, utdanning og sosial og familie.
Ansvars- og arbeidsoppgåver
- Leie fagleg og strategisk arbeid på tvers av fagområda i verksemdsområdet og i embetet
- Leie fem underdirektørar og om lag 70 medarbeidarar
- Sikre måloppnåing i tråd med tildelingsbrev og strategiar
- Følgje opp nasjonal politikk og styringsdialog
- Initiere og leie utviklingsarbeid
- Representere embetet eksternt
- Bygge gode relasjonar og leggje til rette for god kommunikasjon og eit trygt og utviklande arbeidsmiljø
Requirements
- Du må ha relevant høgare utdanning frå høgskole eller universitet på masternivå.
- Du må ha minst fem års leiarerfaring, gjerne innan offentleg forvaltning.
- Du må kunne tryggleiksklarerast til «HEMMELIG» før tiltreding.
- Du må inneha førarkort klasse B.
- Du må beherske norsk flytande, både skriftleg og munnleg.
Skills
Strategisk leiingEndringsleiingOffentleg forvaltningRelasjonsbyggingKommunikasjonResultatoppfølging
Salary
1 175 000 - 1 300 000 NOK
Experience
senior