Autosøk

Spesialsjukepleiar/sjukepleiar

POLIKLINIKK BARN OG UNGDOM VOLDA OG ÅLESUND, Helse Møre og Romsdal HF

Åsehaugen 5, 6017 Ålesund

Job Description

Spesialsjukepleiar/sjukepleiar

Er du ein innovativ og utviklingsorientert spesialsjukepleiar/sjukepleier med erfaring med barn, som er engasjert i kvalitetsforbetring, digitalisering og vidareutvikling av framtidas polikliniske tenester? Då kan kanskje denne stillinga vere noko for deg!

Vi har nemleg no ledig ei 80% fast stilling som spesialsjukepleiar/sjukepleiar ved Poliklinikk barn og ungdom Volda og Ålesund.

Arbeidsoppgåver

  • Sjukepleiefagleg oppfølging av barn og ungdom innan fagområda onkologi, gastroenterologi og nevrologi
  • Koordinering og oppfølging av behovsstyrt poliklinikk, inkludert pasientkontakt, vurderingar og oppfølging etter gjeldande rutinar
  • Vere ein sentral samarbeidspartnar for legar innanfor aktuelle fagområder, og bidra til heilskaplege og koordinerte pasientforløp
  • Pasient- og pårørandeopplæring, rettleiing og støtte knytt til sjukdom, behandling og meistring
  • Delta i vidareutvikling av polikliniske tenester, kvalitetsforbetring, digitalisering og oppgåveglidning
  • Tverrfagleg samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartnarar for å sikre gode pasientforløp

Requirements

  • Du må ha norsk autorisasjon som sjukepleiar.
  • Det er ønskeleg med relevant vidareutdanning.
  • Du bør ha erfaring og kjennskap til pasientgruppene innan barnemedisin.
  • Det er ein fordel med erfaring frå forbedringsarbeid.
  • Du må meistre norsk eller skandinavisk språk flytande, både skriftleg og munnleg.

Skills

Sjukepleie til barn og ungdomOnkologi, gastroenterologi og nevrologiPasientoppfølging og koordineringTverrfagleg samarbeidKvalitetsforbetring og digitaliseringRettleiing av pasientar og pårørande

Experience

mid-level

Similar Jobs