Autosøk

Helsefagarbeidar

Sveio kommune

Sveiogata 70, 5550 Sveio

Job Description

Om stillinga

Eining Habilitering har bustader for personar med utviklingshemming som ligg sentralt i Sveio sentrum. Åsvegen bueining søkjer nå to nye helsefagarbeidarar i 100% stilling. Stillingane høyrer primært til denne avdelinga, men den tilsette arbeider ved begge sentrumsavdelingane til Habilitering, Stemhaugen - og Åsvegen bueining etter behov.

Den eine stillinga har bemanningsvakter, som vert brukt i eining Habilitering. Denne stillinga dekkjer behov ved fleire avdelingar. Her får ein fast turnus, men jobbar der behovet er på aktuell vakt.

Har du lyst å arbeida i eit spannande fagmiljø, med brukar med samansatte utfordringar, er du den rette for oss. Me nyttar attraktiv langvaktsturnus med arbeid kvar 4. helg og vakter på inntil 14 timars varigheit. Dette er ein turnus som er godkjent for 1 år om gangen. Frå februar 2027 vil eininga ta i bruk årsturnus.

I stillinga følgjer du brukar frå morgon til kveld, og er med på tilrettelagt arbeid og fritidsaktivitetar. Dette gjer dagen forutsigbar for brukar og deg som tilsett. Ein vert kjent med alle brukarane som bur hos oss, slik at ein får variasjon i arbeid og kan væra med på å tenkje heilhetleg for drifta. Saman med gode kollegaer og godt fagarbeid, får du gjennom denne stillinga moglegheit for å gjere kvardagen til våre bebuarar fin gjennom god livskvalitet og mestring.

Arbeidsoppgåver

  • Arbeide med utviklingshemming og psykisk helseutfordringar
  • Ha interesse og erfaring med utfordrande atferd
  • Medikamenthandtering
  • Kunne vurdera og ta avgjersler i utfordrande situasjonar

Requirements

  • Du må vere autorisert helsefagarbeidar, men andre med relevant utdanning på fagarbeidarnivå kan også søkje.
  • Du må ha førarkort klasse B med manuell gir.
  • Du må kunne snakke, lese og skrive norsk godt nok til å samarbeide og utføre oppgåver sjølvstendig.
  • Du må kunne leggje fram godkjent politiattest.
  • Det er ein fordel med erfaring frå arbeid med utfordrande atferd og psykisk helse.

Skills

HelsefagarbeidMedikamenthandteringPsykisk helsearbeidHåndtering av utfordrende atferdTverrfaglig samarbeidTurnusarbeid

Experience

mid-level

Similar Jobs