Klar for spesialisering? Bli vår nye LIS3 i barne- og ungdomspsykiatri!
BUP Haugesund
Vinjes gate 10, 5522 Haugesund
Sign in to auto-apply
Job Description
Klar for spesialisering? Bli vår nye LIS3 i barne- og ungdomspsykiatri!
Er du ein engasjert lege som ønskjer å spesialisere deg innan barne- og ungdomspsykiatri (BUP)? Vi har ein fast LIS3-stilling ledig med ønskje om snarleg oppstart.
Om jobben
BUP Haugesund er godkjend som utdanningsinstitusjon innan barne- og ungdomspsykiatri. Vi har samarbeidsavtalar med både vaksenpsykiatri og pediatri, noko som gjer det mogleg å ta heile spesialiseringsløpet her i Haugesund.
Arbeidsoppgåver:
- Utgreiing, diagnostisering og behandling av barn og ungdom.
- Delta i vaktordning for legar.
- Bidra fagleg gjennom rettleiing, undervisning og teamarbeid.
- Kontakt med føresette og andre aktuelle instansar rundt barn/ungdom.
Vi tilbyr:
- Eit utfordrande og spennande arbeidsfelt i utvikling.
- Arbeid i tverrfaglege team.
- Regelmessig internundervisning og rettleiing ved barne- og ungdomspsykiater.
- Kompetanseheving og spesialiseringsløp.
- Eit godt fagmiljø og kjekke kollegaer.
Requirements
- Søkjaren må ha fullført LIS1.
- Søkjaren må ha dokumentert norsk autorisasjon.
- Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar er nødvendige for forsvarleg pasientbehandling.
- Du må ha stor arbeidskapasitet og like å jobbe med barn, ungdom og føresette.
- Du må kunne arbeide strukturert og sjølvstendig.
Skills
Utgreiing og diagnostiseringBehandling av barn og ungdomTverrfagleg samarbeidKlinisk arbeidNorsk autorisasjon som legeKommunikasjon med føresette
Experience
junior