Seksjonsleiar/ driftsleiar
Drift/teknisk divisjon/ Hospitaldrift tekstilforsyning, Helse Bergen HF
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Sign in to auto-apply
Job Description
Seksjonsleiar/ driftsleiar
Er du interessert i menneske, logistikk og teknologi? Då kan du vere den rette til å leie produksjonseininga vår i Hospitaldrift Tekstilforsyning. Vaskeriet vårt søkjer ein ny seksjonsleiar.
Arbeidsoppgåver
- Leie, organisere og vidareutvikle seksjonen i tråd med mål og strategiar.
- Ha heilskapleg fag-, økonomi- og personalansvar.
- Sikre god drift og oppfølging av system for teknisk vedlikehald av maskinparken.
- Leggje til rette for opplæring, kompetanseutvikling og fagleg vekst hos medarbeidarane.
- Delta i og leie anskaffings- og investeringsprosessar for seksjonen.
- Drive kontinuerleg forbetringsarbeid innan drift, logistikk og arbeidsprosessar.
Vi tilbyr
Hos oss får du leie ein viktig seksjon med eit samfunnskritisk oppdrag. Tekstilforsyning er ein sentral støttefunksjon som er avgjerande for smittevern, pasienttryggleik og effektiv sjukehusdrift.
- Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og kompetente kollegaer.
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver med gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling.
- Gode moglegheiter for opplæring og vidareutdanning.
- Fleksibel arbeidstid.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
Requirements
- Du har relevant høgare utdanning innan tekniske fag, logistikk eller tilsvarande.
- Du har god forståing for drift, logistikk og forbetringsarbeid.
- Du har evne til å bruke data og digitale verktøy som grunnlag for styring og utvikling.
- Du kommuniserer godt på norsk, både munnleg og skriftleg.
- Du har erfaring med leiing og evne til å skape engasjement og resultat gjennom andre.
Skills
PersonalansvarØkonomistyringLogistikkstyringProsjektleiingKontinuerleg forbetring (Lean)Teknisk vedlikehaldsforståingEndringsleiingRelasjonsbygging
Experience
mid-level