Autosøk

Postdoktorstilling i psykolingvistikk, multilektalitet og språkprosessering

Om prosjektet

Joplassvegen 11, 6103 Volda

Job Description

Om stillinga

Ved Institutt for språk og litteratur ved Høgskulen i Volda er det ledig ei 3-årig postdoktorstilling. Stillinga er knytt til forskingsprosjektet Multilectal Individual Differences in Reading (MInDReading): Neurocognitive and Behavioral Effects of Dialect Exposure on Literacy Development, finansiert av Noregs forskingsråd i perioden august 2026-juli 2030.

Postdoktorstillinga er ei kvalifiseringsstilling med mål om at den tilsette skal byggje opp ein forskarprofil og bli kvalifisert for stilling som førsteamanuensis.

Om prosjektet

MInDReading undersøkjer korleis erfaring med nærskylde språkvarietetar påverkar språkprosessering i sanntid ved lytting og lesing. Prosjektet har tre hovudkomponentar: (i) utvikling og validering av eit føremålstenleg spørjeskjema for å kartleggje individuell multilektal erfaring, (ii) EEG-studiar som undersøkjer korleis regionalt varierande grammatiske mønster blir handsama i hjernen, og (iii) blikksporing ved lesing for å måle korleis dei same kontrastane påverkar naturleg lesing.

Arbeidsfelt

Postdoktoren skal mellom anna:

  • Bidra til planlegging, gjennomføring og dokumentasjon av studiar i prosjektet.
  • Rekruttere og teste deltakarar og gjennomføre praktisk laboratoriearbeid knytt til datainnsamling.
  • Analysere og formidle resultat gjennom konferansebidrag og vitskaplege publikasjonar.
  • Ta ei leiande rolle i éin eller fleire delar av prosjektet i tett samarbeid med prosjektleiaren.
  • Delta i prosjektet sine møte og samarbeidsaktivitetar med partnarinstitusjonar.

Requirements

  • Søkjarar må ha ph.d. (eller tilsvarande doktorgrad) i lingvistikk eller nærliggjande fagområde som psykologi eller kognitiv vitskap.
  • Søkjarar må ha svært gode ferdigheiter i munnleg og skriftleg engelsk.
  • Søkjarar må ha dokumentert erfaring med eksperimentelle og/eller kvantitative tilnærmingar til språkprosessering og/eller språkleg variasjon.
  • Erfaring må vere dokumentert gjennom fagfellevurderte publikasjonar og/eller vidarekome doktorgradsarbeid.

Skills

PsykolingvistikkEksperimentelle metodar (EEG/ERP, blikksporing)Kvantitativ analyse (R)Språkleg variasjon/multilektalitetAkademisk skriving og formidlingProsjektleiing

Salary

680 000 - 810 000 NOK

Experience

mid-level

Similar Jobs