Kantor / kyrkjemusikar Ellingsøy sokn - 50% stilling
Ålesund kyrkjelege fellesråd
Kvalsteinvegen 2, 6057 Ellingsøy
Sign in to auto-apply
Job Description
Kantor / kyrkjemusikar Ellingsøy sokn - 50% stilling
Det er ledig stilling som kantor/kyrkjemusikar i 50 % i Ålesund kyrkjelege fellesråd med Ellingsøy sokn som arbeidsstad.
Ellingsøy sokn ligg i Ålesund kommune og utgjer saman med Borgund sokn eit samarbeidsområde. Kyrkjelyden har sokneprest, kantor, kyrkjetenar, dagleg leiar, diakon, kyrkjelydspedagog og kateket/ungdomsprest. Det er stabsfellesskap mellom sokna med felles dagleg leiar, diakon, kyrkjelydspedagog og kateket/ungdomsprest.
Ellingsøy sokn har ca. 2000 medlemer. Soknet har ei arbeidskyrkje vigsla i 1998 med ca. 400 sitjeplassar, stor kyrkjelydssal med nytt lyd- og lysanlegg og kontor for tilsette. Orgelet er bygd av Ryde & Berg i 2002 og har 16 stemmer.
Arbeidsoppgåver
- Tenestegjere ved gudstenester og andre kyrkjelege handlingar.
- Lede og utvikle kyrkjelydens musikk og kulturarbeid.
- Gi støtte til kyrkjelydens øvrige arbeid og inngå i tverrfaglege satsingar.
- Vere ein kyrkjemusikalsk ressurs for kyrkjelyd, stab og fellesråd.
- Delta i stabs- og fagmøte og andre administrative møtepunkt.
Vi tilbyr
- Hyggelege kollegar i ein stab som har fokus på eit godt og sosialt arbeidsmiljø.
- Spennande og varierte arbeidsoppgåver og gode moglegheiter for fagleg utvikling.
- Eit engasjert sokneråd dei tilsette kan samarbeide med.
- Lønn etter KAs tariffavtale.
- Pensjons- og forsikringsordningar.
Requirements
- Du må ha utdanning i samsvar med Tenesteordning for kantorar, eller anna relevant kyrkjemusikkutdanning.
- Du må ha allsidige ferdigheiter innan orgel- og pianospel.
- Du må meistre norsk godt, både munnleg og skriftleg, tilsvarande minimum nivå B2.
- Du må ha førarkort klasse B og kunne disponere eigen bil i arbeidet.
- Du må kunne legge fram godkjend barneombodsattest (politiattest).
Skills
Experience
mid-level