Kantor i Spjelkavik kyrkjelyd - 100% fast stilling
Ålesund kyrkjelege fellesråd
Vestmoa 20, 6018 Ålesund
Sign in to auto-apply
Job Description
Kantor i Spjelkavik kyrkjelyd - 100% fast stilling
Musikk er ein viktig del av livet i Spjelkavik kyrkjelyd. No søkjer vi ein kantor som vil vere med å utvikle dette arbeidet vidare. Spjelkavik kyrkjelyd søkjer ein kantor som ønskjer å vere med og utvikle eit levande kyrkjemusikalsk arbeid i ei aktiv og framtidsretta kyrkjelyd.
Arbeidsoppgåver
- Tenestegjere ved gudstenester og kyrkjelege handlingar.
- Planlegging av gudstenester og kyrkjelege arrangement.
- Planleggje og gjennomføre kyrkjemusikalsk arbeid i samarbeid med stab og frivillige.
- Leie Spjelkavik kyrkjekor og vere med på å vidareutvikle og styrkje korarbeidet i kyrkjelyden.
- Delta i soknerådet sitt kulturutval og bidra til planlegging og gjennomføring av kultur- og konsertarrangement.
- Bidra i kyrkjelyden sin korskule og medverke til vidare utvikling av musikkarbeidet for barn og unge.
Vi tilbyr
- Ei spennande og variert stilling i ein aktiv kyrkjelyd.
- Stor grad av autonomi og sjølvstende i arbeidet.
- Engasjerte kollegaer og eit støttande arbeidsmiljø.
- Tverrfagleg samarbeid i ein kompetent stab.
- Gode instrument og eigna lokale for kyrkjemusikalsk verksemd.
Requirements
- Du må ha kyrkjemusikalsk utdanning i samsvar med tenesteordning for kantorar, eller annan relevant utdanning og erfaring.
- Du må ha gode ferdigheiter på orgel og piano.
- Du må ha erfaring med korleiing, eller motivasjon for å utvikle deg innan dette feltet.
- Du må ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg, tilsvarande minimum nivå B2.
- Du må vere medlem av Den norske kyrkja.
- Du må kunne leggje fram gyldig politiattest ved tilsetjing.
Skills
OrgelspillPianospillKorledelseGudstjenesteplanleggingRelasjonsbyggingSamarbeidsevnerMusikkpedagogikk
Experience
mid-level