Autosøk

Kokkestilling i Sævarhagen FUS barnehage

Sævarhagen FUS barnehage as

Sævarhagen 47, 5416 Stord

Job Description

Kokkestilling i Sævarhagen FUS barnehage

Sævarhagen FUS barnehage er ein barnehage med høgt fagleg fokus og godt arbeidsmiljø. Me ligg midt i eit fantastisk nærmiljø ved Hystadmarkjo på Stord, og er ein inkluderande og trygg møteplass der barn sin leik, utvikling og trivsel står i sentrum.

Mat og måltid er ein viktig del av kvardagen vår, og vi legg vekt på gode, sunne og inkluderande matopplevingar. Kokken vår skal ut i permisjon og me søkjer difor ein engasjert og strukturert kokk i 100 % vikariat frå 01.10.26-14.08.27.

Arbeidsoppgåver:

  • Planlegge og tilberede sunne, varierte og næringsrike måltid
  • Følgje nasjonale retningslinjer for kosthald i barnehage
  • Sikre eit likeverdig mattilbod til barn med særlege behov knytta til mat og måltider
  • Handtere innkjøp og bestilling av varer
  • Sikre gode rutinar innan hygiene og IK-mat
  • Bidra til matglede og involvere barn i enkle aktivitetar
  • Samarbeide tett med personalet i barnehagen, og bistå på avdeling ved behov

Kvifor velge oss:

  • Me satsar på høg kvalitet og kompetanse i alle ledd
  • Du blir ein del av eit stort nettverk med engasjerte kollegaer
  • Du får vere med og påverke kvardagen til barna
  • Du vert ein del av eit inkluderande og godt arbeidsmiljø
  • Du får stor fridom under ansvar
  • Du får løn og vilkår jfr FUS tariffavtale

Requirements

  • Du har erfaring frå kjøkkenarbeid, og fagbrev som kokk er ein fordel.
  • Du har god kunnskap om ernæring og mat for barn.
  • Du har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
  • Du har god kompetanse om IK-mat og hygienekrav.
  • Du er strukturert, sjølvstendig og påliteleg.
  • Du må kunne legge fram godkjent politiattest i henhald til barnehagelova.

Skills

KjøkkenarbeidErnæringskunnskapIK-mat (Internkontroll)MenyplanleggingInnkjøp og bestillingMatlaging for barnSamarbeidsevnerHygienekrav

Experience

mid-level

Similar Jobs