Ruskonsulent Ung og miljøterapeut/feltarbeider
100% Feltarbeidar/Miljøterapeut i Utekontakten
Torggata 7, 5200 Os
Sign in to auto-apply
Job Description
Ruskonsulent Ung og miljøterapeut/feltarbeider
Vil du vere med å gi ungdom i Bjørnafjorden ein god oppvekst? Då håper vi du vil bli vår nye kollega! Bjørnafjorden kommune har samorganisert tenestetilbodet til barn, unge og familiar i Familiens hus. Vi søker deg som har erfaring frå arbeid med ungdommar, psykisk helse og rus, og som ser moglegheiter og tenker nytt til det beste for innbyggarane våre.
100% Feltarbeidar/Miljøterapeut i Utekontakten
Som feltarbeider/miljøterapeut blir du ein del av eit fagleg sterkt og dynamisk team i Utekontakten. Hovudoppgåva er oppsøkjande arbeid retta mot ungdom på dei arenaene der ungdom oppheld seg.
Arbeidsoppgåver:
- Delta i oppsøkande arbeid på dag- og kveldstid.
- Være ein relasjonsbyggjar til ungdom.
- Tilby samtalar og oppfølging av ungdom, individuelt og i grupper.
- Kartlegge og observere trendar og endringar i ungdomsmiljøa.
- Dokumentere arbeid i tråd med interne rutinar.
- Delta i fagmøte, rettleiing og utviklingsarbeid samt tverrfagleg samarbeid.
100% Ruskonsulent Ung i Ungdomsteamet
Ungdomsteamet er eit tverrfagleg samansett team som skal møte ungdommar på deira arena. Rolla som Ruskonsulent Ung har eit særleg fagansvar for det førebyggjande rusarbeidet retta mot ungdom.
Arbeidsoppgåver:
- Målretta oppfølging: Drive individuelt oppfølgings- og endringsarbeid med ungdom i risikosona eller med etablert rusproblematikk.
- Førebygging, undervisning og informasjon: Planlegge og gjennomføre førebyggjande tiltak, samtaler og undervisning.
- Bidra med drift og bemanning på Ung arena/Fjorden arena.
- Oppfølging og endringsarbeid knytt til føresette.
Requirements
- Minimum 3-årig relevant utdanning frå høgskule eller universitet, fortrinnsvis innan helse- eller sosialfag.
- Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar.
- Førarkort klasse B.
- Godkjend politiattest må leggjast fram før tilsetjing.
- Erfaring frå direkte arbeid med ungdom og miljøterapeutisk arbeid er ønskeleg.
Skills
Experience
mid-level