Sign in to auto-apply
Job Description
Produsent
Vi søkjer ein strukturert og engasjert produsent som vil vere med å planleggje og gjennomføre teaterproduksjonar frå idé til ferdig framsyning. Som produsent får du ei sentral rolle i gjennomføringa av teateret sine produksjonar og prosjekt, med ansvar for koordinering, framdrift og ressursstyring. Stillinga rapporterer til produksjons- og plansjef.
Arbeidsoppgåver
- Vere teateret sitt bindeledd i produksjonen/prosjektet frå etablering til avslutning.
- Delegert budsjettansvar for eigne produksjonar/prosjekt.
- Ha hovudansvar for oppfølging og framdrift frå rammemøte til prøvestart.
- Kontraktering og oppfølging av alle engasjerte kunstnarar i kunstnarlege lag.
- Oppfølging og handsaming av avvik i heile produksjons-/prosjektperioden.
- Evaluering og rapportering.
Vi tilbyr
Ei sentral rolle i eit spennande og kreativt arbeidsmiljø med stor tilgang til kunstnarlege opplevingar. Vi tilbyr god kollektiv pensjons- og gruppelivsforsikring samt gunstig ferieordning. Arbeidstid er hovudsakeleg på dagtid i vekedagane, men arbeid på kveld og i helg må påreknast.
Requirements
- Relevant høgare utdanning innan scenekunstproduksjon, kulturleiing eller tilsvarande.
- Erfaring med teaterproduksjonar eller koordinering av andre kulturproduksjonar eller større arrangement.
- God økonomiforståing og erfaring med budsjettoppfølging.
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk.
- Evne til å vere strukturert, løysingsorientert og ha god gjennomføringsevne.
Skills
ProsjektleiingBudsjettoppfølgingKoordineringKontraktsforhandlingRessursstyringKommunikasjonSamarbeidsevnerAvvikshandtering
Experience
mid-level