Autosøk

100 % fast stillling som sjukepleiar i Heimetenesta

1. september 2026, eller etter avtale

Familie- og Omsorgssenteret, Fotlandsvegen 27, 5282 Lonevåg

Job Description

Om stillinga

Heimetenesta i Osterøy kommune styrkar laget! Som følgje av auka bemanning og omgjering av svangerskapsvikariat til faste stillingar, har vi no fleire faste 100 % sjukepleiarstillingar ledige frå 1. september 2026, eller etter avtale.

Heimetenesta yter tenester til heimebuande i alle aldrar som har rett til helsehjelp. Hos oss får du ein variert og fagleg spennande kvardag der du jobbar tett på brukarane. Vi har god fagdekning, og du vil aldri vere aleine sjukepleiar på vakt. Du blir ein del av eit inkluderande og kompetent fagmiljø, og jobbar saman med dyktige helsefagarbeidarar og assistentar på alle vakter.

Vi tilbyr langvakter med arbeid kvar 4. helg. På langvakter har du pause på 1,5 timar i løpet av vakta i tillegg til to lunsjpausar.

Arbeidsoppgåver

  • Utføre pleie og omsorg til heimebuande brukarar/pasientar i henhold til vedtak
  • Ha oversikt over brukarar, og prioritere arbeidsoppgåver frå eit heilhetssyn og bemanning
  • Sjukepleiefaglege prosedyrer
  • Primærkontaktansvar
  • Medansvarleg for kvalitetssikring og dokumentasjon av tenesta
  • Halde deg fagleg oppdatert og bidra til fagleg utvikling
  • Samarbeide med interne og eksterne samarbeidspartnarar
  • Veiledning av studentar i avdelinga
  • Bidra til eit positivt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Tariffløn
  • God opplæring
  • Eit godt fagleg miljø og moglegheit for utvikling
  • Faglege utfordringar og varierte arbeidsoppgåver
  • Ei av Noregs finaste øyer som arbeidsstad
  • Offentleg tenestepensjon gjennom KLP

Requirements

  • Du må ha bachelorgrad i sjukepleie og oppgi HPR-nummer i søknaden.
  • Du må meistre vanlege IKT-verktøy for dokumentasjon.
  • Du må inneha førarkort klasse B.
  • Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere norskferdigheiter gjennom bestått B2-test.

Skills

SjukepleieDokumentasjon (Profil)LegemiddelhandteringMedisinske prosedyrerPårørandesamarbeidVeiledning

Experience

junior

Similar Jobs