Job Description
Robotics Software Engineer
Rocketfarm er eit norsk teknologiselskap som utviklar programvara som gjer robotpalletering mogleg. Vi søkjer ein Robotics Software Engineer som vil bidra til å vidareutvikle programvara bak produkta våre når vi utvidar støtta til fleire robotmerke.
Kva vil du jobbe med?
- Utvikle og forbetre programvara som planlegg robotrørsler og styrer robotane vi støttar.
- Bidra til å integrere nye robotmerke i plattforma på ein god og skalerbar måte.
- Delta i arkitekturval – vurdere tekniske kompromiss, identifisere utfordringar tidleg og bidra til at systemet held seg enkelt og robust når det veks.
- Jobbe med både simulering og ekte hardware, der tryggleik alltid står sentralt.
Å jobbe hos oss
Vi er eit lite, teknisk sterkt team i Sogndal, midt i hjartet av Vestland. Her får du moglegheita til å fordjupe deg i krevjande tekniske problemstillingar, samtidig som du kan vere på ein fjelltur eller ute på vatnet få minutt etter at du forlèt kontoret.
Requirements
- Du har nokre års erfaring med utvikling av programvare i produksjon, gjerne innan robotikk eller større system.
- Du tenker heilskapleg og forstår korleis ulike delar av eit system heng saman.
- Du har forståing for robotikk og kan gjere gode vurderingar rundt robotarmar.
- Du er komfortabel med Linux og containerbasert utvikling.
Skills
C++PythonROS / ROS2LinuxContainerbasert utviklingRobotikkBaneplanlegging
Experience
mid-level