Autosøk

Forsyningsportør

FINN-kode

Haukelandsveien 22, 5021 Bergen

Job Description

Hospitaldrift Transport er ei av einingane i Hospitaldrift som igjen er ein del av Drift/teknisk divisjon som består av hovudparten av sjukehuset sine ikkje-medisinske avdelingar. Hospitaldrift Transport utfører portørtenester, forsyningstenester, avfallshandtering og andre interne transporttenester for helseføretaket og er ein viktig bidragsytar for god pasientflyt og logistikk for heile sjukehuset.

Arbeidsoppgåver

  • Bestilling av forbruksvarer, væske og tøy
  • Vedlikehald av lager og depot og merking av hyller og skap på avdelingar i sjukehuset
  • Transport og handtering av mat, varer, tøy, væske, oksygen, medisinar og avfall
  • Henting og levering av prøver, blod, journalar, utstyr og anna
  • Transport av skitne og reine senger
  • Mindre flytteoppdrag/ fjerning av møblar ol.

Vi tilbyr

  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Bedriftsidrettslag
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Ein arbeidsplass som er ein inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift)

Requirements

  • Du må ha fullført vidaregåande allmennfagleg eller yrkesfagleg skule, eller ha anna relevant erfaring som kan kompensere for utdanning.
  • Du må ha særs god norsk munnleg framstilling.
  • Du må ha grunnleggjande datakunnskapar.
  • Du må vere ansvarsbevisst, påliteleg og punktleg.
  • Du må kunne utføre og trivast med arbeid som kan vere fysisk og psykisk krevande.

Skills

LogistikkVarehandteringFørstehjelpTruckkøyring (T1)ServiceinnstillingSamarbeidsevnerKommunikasjon

Experience

entry-level

Similar Jobs