Autosøk

Sjukepleiar og vernepleiar – faste  stillingar på natt ved Psykiatrisk klinikk

Divisjon psykisk helsevern, Helse Bergen HF

Sandviksleitet 1, 5036 Bergen, Haukelandsveien 22, 5021 Bergen

Job Description

Psykiatrisk klinikk ved Haukeland universitetssjukehus søker dyktige og engasjerte sjukepleiarar og vernepleiarar til faste nattstillingar.

Vil du vere med å gjere ein forskjell for menneske med psykiske helseutfordringar? Hos oss får du ein spennande og variert arbeidskvardag i eit sterkt fagmiljø, der tryggleik, kvalitet og omsorg står i sentrum.

Det er ledig følgande stillingar på natt i Psykiatrisk klinikk:

  • Avdeling for stemningslidingar, Seksjon S6: 50-80% fast stilling på natt.
  • Psykiatrisk akuttmottak (PAM1/PAM2): 80-100% fast stilling på natt.
  • Avdeling Alderspsykiatri: 50% fast stilling for sjukepleiar på natt.
  • Lokal sikkerheitspost (LS): 70-100% fast stilling på natt.

Arbeidsoppgåver

  • Ansvarsvakt
  • Administrering av medisinar
  • Miljøterapeutisk arbeid: Bidra til å skape ei trygg postatmosfære med omsorg, støtte og struktur for kvar enkelt pasient
  • Observere og dokumentere
  • Praktiske oppgåver

Requirements

  • Du må ha norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar.
  • Du må ha gode språkkunnskapar, og ikkje-nordiske statsborgarar må ha bestått norsktest på B2-nivå.
  • Erfaring frå psykiatri er ønskeleg.
  • Du må vere personleg eigna for å jobbe med den aktuelle pasientgruppa.
  • For stilling ved Lokal sikkerheitspost er det krav om godkjend politiattest.

Skills

Sjukepleie/VernepleieMiljøterapiMedikamenthandteringPsykiatrisk helsevernDokumentasjon og observasjonKonflikthandteringTverrfagleg samarbeid

Experience

mid-level

Similar Jobs