Job Description
Sjukepleiar 80-100% fast
Er DU vår nye medarbeidar i eit spennande, triveleg og utviklande arbeidsmiljø? Ein av våre tilsette pensjonerer seg og vi har ledig stilling pt. knytt til somatisk avdeling.
Er du ein engasjert sjukepleiar som ønskjer gode arbeidsvilkår, fagleg utvikling og moglegheit til å påverke eigen arbeidskvardag? Då kan dette vere stillinga for deg!
Vi i Øygarden kommune arbeider aktivt for å tilpasse oss morgondagens behov og sikre gode tenester til våre innbyggjarar. Vi legg stor vekt på fagleg kvalitet, utvikling og trivsel blant våre tilsette.
Arbeidsoppgåver:
- Heilskapleg omsorg for eldre menneskje
- Sjukepleiefaglege oppgåver og ansvar
- Utføre leiarskap når naudsynt
- Ivareta pasientane sine individuelle behov
- Sørge for god dokumentasjon i Aidn
- Rettleie kollegaer, studentar, elevar og nytilsette
- Handtere velferdsteknologiske løysningar
- Enklare laboratorie-arbeid
Vi tilbyr:
- Mentorordning satt i system
- Sjukepleiefaglege utfordringar
- Spennande og variable kvardagar
- Arbeid i sjukepleiarteam
- Eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Høve til fagleg og personleg utvikling
- Rekrutteringstillegg
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Gratis parkering og lademoglegheiter
Requirements
- Du må ha autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar.
- Du må ha gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.
- Du må ha god digital kompetanse.
- Du må ha erfaring frå arbeid i eldreomsorg.
- Du må evne å arbeide sjølvstendig og strukturert.
Skills
Salary
Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i fast turnus er løna kr 35.000,- pr. år over gjeldande tariff. Vernepleiarar og spesialvernepleiarar i fast turnus er løna kr 25.000,- pr. år over gjeldande tariff.
Experience
mid-level