Sign in to auto-apply
Job Description
Vikariat helsefagarbeidar i Heimetenesta
Er du helsefagarbeidar og lurer på om heimetenesta i Sveio kan vere noko for deg? Vert du motivert av varierte arbeidsoppgåver og spennande kvardagar, og trivst du med å utfordre deg sjølv og stadig lære noko nytt? Då kan du bli ein del av ei arbeidsgruppe som brenn for å sjå den enkelte pasienten.
Arbeidsoppgåver
- Varierte oppgåver og stor breidde i behandlinga.
- Vere ein pådrivar for å leggje til rette for, og bidra til, at brukarane opplever tryggleik og meistring.
- Gje heilskapleg omsorg, inkludert personleg hygiene, påkleding, forflytting og trening.
- Setje i verk førebyggjande og behandlande tiltak innan eige ansvars- og kompetanseområde.
- Planleggje og gjennomføre målretta tiltak og aktivitetar for å fremje pasienten si meistringskjensle og livskvalitet.
- Bruke elektronisk pasientjournal og dokumentere forhold ved pasienten og kva helsehjelp som blir gjeven.
Vi tilbyr
- Faste fagdagar og fagmøte.
- Årsturnus over 52 veker med planlagd ferie, høgtid og helgearbeid.
- Dyktige kollegaer og eit godt arbeidsmiljø.
- God offentleg pensjonsordning.
- Tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.
- Kommunale bilar.
- Bedriftshelseteneste.
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
Requirements
- Du må ha autorisasjon som helsefagarbeidar.
- Du må kunne snakke, lese og skrive norsk godt nok til å samarbeide og utføre oppgåver sjølvstendig.
- Du må kunne legge fram ein tilfredsstillande politiattest i tråd med gjeldande lovverk.
- Det er ønskjeleg med erfaring frå arbeid i heimetenesta.
- Du må ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
Skills
HelsefagarbeidDokumentasjon i pasientjournalKvardagsrehabiliteringSamarbeidsevnerKommunikasjonFleksibilitet
Experience
mid-level