Autosøk
Ll Det Norske Teatret logo

Ledig stilling som produsent ved Det Norske Teatret

Ll Det Norske Teatret

Kristian IVs gate 8, 0164 Oslo

Job Description

Ledig stilling som produsent ved Det Norske Teatret

Vi søkjer ein strukturert og engasjert produsent som vil vere med å planleggje og gjennomføre teaterproduksjonar frå idé til ferdig framsyning. Som produsent får du ei sentral rolle i gjennomføringa av teateret sine produksjonar og prosjekt, med ansvar for koordinering, framdrift og ressursstyring.

Arbeidsoppgåver

  • Vere teateret sitt bindeledd i produksjonen/prosjektet frå etablering til avslutning.
  • Delegert budsjettansvar for eigne produksjonar/prosjekt.
  • Ha hovudansvar for oppfølging og framdrift frå rammemøte til prøvestart.
  • Kontraktering og oppfølging av alle engasjerte kunstnarar i kunstnarlege lag.
  • Oppfølging og handsaming av avvik i heile produksjons-/prosjektperioden.
  • Evaluering og rapportering.

Vi tilbyr

Ei sentral rolle i eit spennande og kreativt arbeidsmiljø med stor tilgang til kunstnarlege opplevingar, god kollektiv pensjons- og gruppelivsforsikring, samt gunstig ferieordning.

Requirements

  • Relevant høgare utdanning innan scenekunstproduksjon, kulturleiing eller tilsvarande.
  • Erfaring med teaterproduksjonar eller koordinering av andre kulturproduksjonar eller større arrangement.
  • God økonomiforståing og erfaring med budsjettoppfølging.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk.
  • Evne til å vere strukturert, løysingsorientert og ha god gjennomføringsevne.

Skills

ProsjektleiingBudsjettoppfølgingKoordineringKontrakteringRessursstyringScenekunstproduksjon

Experience

mid-level

Similar Jobs