Sign in to auto-apply
Job Description
Luster Sparebank er ein sjølvstendig bank der gode kundeopplevingar og lokal verdiskaping står i sentrum. Me har bedriftskundar innanfor fleire ulike bransjar og med tilhaldsstad både i Sogn og i andre delar av landet. No søker me ein engasjert rådgjevar til bedriftsmarknaden som ynskjer å bidra til banken sin vidare vekst, og samstundes kan vere ein god sparringspartnar for nye og eksisterande kundar.
Arbeidsoppgåver
Som bedriftsrådgjevar i Luster Sparebank vil du få ansvar for eiga kundeportefølje og arbeide med:
- Rådgjeving og sal av banken sine produkt og tenester til eksisterande og nye kundar
- Kredittvurderingar og presentasjon av kredittsaker
- Relasjonsbygging og aktivt arbeid mot eksisterande og nye kundar
- Samarbeid med andre fagmiljø i banken for å sikre heilskaplege kundeløysingar
Rolla gir ein variert arbeidskvardag og tett kontakt med næringslivet der du blir godt kjend med ulike bransjar og problemstillingar.
Me kan tilby
- Ei sentral rolle i ein solid og lokal sparebank med sterke ambisjonar
- Eit inkluderande arbeidsmiljø med høg fagkompetanse og godt samhald
- Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- Konkurransedyktige vilkår, fleksitid og gode velferdsordningar
Requirements
- Du har relevant høgare utdanning innan økonomi eller liknande.
- Du har god forretningsforståing.
- Det er ein fordel med erfaring frå bank, finans, rekneskap eller revisjon.
- Du har god skriftleg og munnleg framstillingsevne.
- Du er ein relasjonsorientert og strukturert person.
Skills
RådgjevingSalgKredittvurderingRelasjonsbyggingAnalytiske ferdigheiterNettverksbygging
Experience
mid-level