Autosøk
Fjord1 AS logo

Skipsførar - Arsvågen-Mortavika!

Fjord1 AS

5561 Bokn

Job Description

Skipsførar - Arsvågen-Mortavika!

Fjord1 har no ei ledig stilling som skipsførar i sambandet Arsvågen-Mortavika pt. MF Raunefjord. MF Raunefjord er ei stillegåande gassferje bygd i 2007. Arbeid om bord gir verdifull erfaring og ettertrakta kompetanse innan drift av gassfartøy. Som skipsførar får du ei nøkkelrolle i å sikre stabil og effektiv drift.

Arbeidsoppgåver

  • Overordna ansvar for trygg og effektiv drift av fartøyet, inkludert sikkerheitsstyring og energileiing.
  • Sikre at alle operasjonar blir gjennomførte i tråd med gjeldande regelverk, prosedyrar og krav frå styresmakter.
  • Bidra til energieffektiv drift gjennom oppfølging av SEEMP-tiltak og optimal bruk av teknisk utstyr i samsvar med ISO 50001.
  • Ansvar for oppfølging av rutinar og kvalitetssystem som leiar om bord.

Vi tilbyr

  • Skiftordning, 2 veker på og 2 veker av.
  • Moglegheit for å bu om bord i arbeidsperioden.
  • Treningsrom om bord i fartøyet.
  • Attraktive velferdsordningar som firmahytter, treningstøtte og behandlingsforsikring.

Requirements

  • Du må inneha gyldig D1-sertifikat.
  • Du må ha ROC/GMDSS-sertifikat og ferdigheitssertifikat for medisinsk behandling.
  • Du må ha gjennomført sikkerheitskurs etter kvalifikasjonsføreskrifta.
  • Du må ha gyldig helseattest.
  • Du må ha gode skandinaviske språkkunnskaper, både muntleg og skriftleg.

Skills

SkipsføringSikkerheitsstyringEnergileiing (ISO 50001)Operativ driftLedelseGassfartøy-drift

Experience

mid-level

Similar Jobs