Sign in to auto-apply
Job Description
Lærar i teknologi- og industrifag
Odda vidaregåande skule ligg i bysenteret Odda i Ullensvang kommune. Skulen har omlag 240 elevar og 50 tilsette, fordelt på seks utdanningsprogram. Me har eige avdeling for tilrettelagt opplæring, samt landsline i smedfaget.
Skulen sin visjon er: Ein god stad å vera, ein god stad å læra. Vi har behov for å tilsette i enda ei stilling innan Teknologi- og industrifag.
Arbeidsoppgåver
- Undervisning i programfag innan teknologi- og industrifag, samt undervisning av elevar med behov for ekstra oppfølging / tilrettelegging.
- Planlegge og gjennomføre opplæring i tråd med læreplanmåla.
- Følgje opp den enkelte elev si faglege utvikling.
- Delta i lærarteam og pedagogisk utviklingsarbeid.
- Tilretteleggje og samarbeide om eit godt og effektivt læringsmiljø.
- Samarbeid med kollegaer, føresette, opplæringskontor og næringsliv.
Vi tilbyr
Eit spanande, godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø, gode arbeidstilhøve og variert tverrfagleg samarbeid. Gode forsikrings- og pensjonsordningar. Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande regelverk.
Requirements
- Du må ha eit eller fleire fagbrev innan programområdet teknologi- og industrifag.
- Du må ha god munnleg og skriftleg framstillingsevne.
- Du må ha god digital kompetanse.
- Du må kunne leggje fram godkjent politiattest.
- Det er ynskjeleg med pedagogisk og yrkesteoretisk utdanning eller godkjent yrkesfaglærarutdanning.
Skills
UndervisningFagbrev (teknologi- og industrifag)CNC-kompetansePedagogisk utviklingsarbeidKlasseleiar-kompetanseDigital kompetanse
Experience
mid-level