Autosøk
FINN-kode logo

førstekonsulent

FINN-kode

Prinsens gate 26, 0157 Oslo

Job Description

Førstekonsulent

Det er ledig eit vikariat til og med 31. juli 2028 innan dokumentasjons- og depotforvaltning i stortingsarkivet. Vi ser etter deg som er fagleg engasjert, nysgjerrig og motivert for å bidra i eit miljø med høg kompetanse og viktige samfunnsoppgåver.

Hos oss får du jobbe både med dagleg dokumentasjonsforvaltning og historisk materiale – i skjeringspunktet mellom tradisjonelt arkivarbeid og moderne digitale løysingar. Du vil samarbeide tett med kollegaer og vere ein viktig støttespelar for brukarane våre.

Arbeidsoppgåver

  • Dagleg dokumentasjonsforvaltning, som journalføring og kvalitetskontroll.
  • Bistå i arbeidet med krav om innsyn i Stortingets dokumentasjon.
  • Ordningsarbeid med Stortingets historiske dokumentasjon.
  • Rettleiing innan området sakshandsaming og arkiv.

Vi tilbyr

Vi kan tilby ein spennande jobb i eit sterkt fagmiljø med eit viktig samfunnsoppdrag, tett på aktuelle hendingar og som betyr noko for heile landet. Vi har eit godt arbeidsmiljø med kollegaer som er rause med kvarandre, deler kompetanse på tvers og løfter kvarandre. Hos oss får du høve til å utvikle dokumentasjonsforvaltning i ei samfunnsviktig verksemd og du får du rammer som sikrar ein god balanse mellom jobb og fritid.

Requirements

  • Du må ha en bachelorgrad, fortrinnsvis innan arkiv- og informasjonsvitskap, dokumentasjonsforvaltning, informasjonsforvaltning og IT, eller tilsvarande.
  • Du må ha kjennskap til MS365-applikasjonar.
  • Du må ha kjennskap til regelverk og relevante standardar for informasjons- og dokumentasjonsforvaltning.
  • Du må ha kjennskap til digitale arkiv- og dokumenthåndteringssystem.
  • Du må ha gode kommunikasjonsevner.

Skills

DokumentasjonsforvaltningArkivarbeidJournalføringMS365SakshandsamingDigitale arkivsystem

Salary

626 400 - 678 500 NOK

Experience

entry-level

Similar Jobs