Autosøk

Tannhelsesekretær ved spesialistklinikken på TkVestland

IDI - Vestland tannhelseteneste, Vestland fylkeskommune

Årstadveien 19, 5009 Bergen

Job Description

Tannhelsesekretær ved spesialistklinikken på TkVestland

Har du lyst til å bli del av eit stort og spennande fagmiljø? Då er TkVestland noko for deg! Vi har ledig 100 % fast stilling som tannhelsesekretær frå 1. september 2026.

TK Vestland er eitt av fem regionale kompetansesenter i Noreg, og vi tilbyr spesialisttannhelsetenester til befolkninga i Vestland. Vi utfører undersøking og behandling av pasientar som er tilvist frå offentlege og private tannklinikkar. Spesialistklinikken ved TK Vestland i Årstadveien 19 har 11 moderne behandlingsrom, og vi har òg ein klinikk ved Haukeland sjukehus.

Arbeidsoppgåver

  • Utføre klinisk assistanse ved spesialist tannbehandling.
  • Utføre røntgentaking, både intraoral og OPG.
  • Ha ansvar for oppdekking, etterfylling av instrument og materialer.
  • Ha ansvar for reinhald, sterilisering og vedlikehald av utstyr.
  • Jobbe med ulike administrative oppgåver knytta til pasientbehandling og drift på klinikken.
  • Delta i HMS-arbeid, kvalitetsutvikling og bemanning av resepsjonen.

Requirements

  • Du må ha norsk autorisasjon som tannhelsesekretær.
  • Du må kunne bruke norsk som arbeidsspråk, både skriftleg og munnleg.
  • Det er ønskjeleg med klinisk erfaring, gjerne frå offentleg tannhelseteneste eller tannlegespesialist fagfelt.
  • Du må ha god kjennskap til bruk av journalsystemet Opus.
  • Du må kunne framvise godkjend politiattest.

Skills

Klinisk assistanseRøntgentaking (intraoral og OPG)Sterilisering og smittevernJournalsystemet OpusAdministrativt arbeidServiceinnstilling

Experience

mid-level

Similar Jobs