Veterinær eller fiskehelsebiolog
Er du ein engasjert veterinær eller fiskehelsebiolog som vil arbeide med akvakultur?
6800 Førde
Sign in to auto-apply
Job Description
Veterinær eller fiskehelsebiolog
Vi har to ledige stillingar som veterinær eller fiskehelsebiolog i avdeling sjø, med kontorstad i Førde og Bodø. Avdelinga er del av Tilsynsdivisjon akvakultur.
Som veterinær eller fiskehelsebiolog hjå oss får du ein variert arbeidskvardag der du kan nytte kompetansen din i eit samfunnsoppdrag som verkeleg betyr noko. Du vil arbeide med førebygging, tilsyn og beredskap mot sjukdommar hjå akvatiske dyr.
Sentrale arbeidsoppgåver
- Oppfølging av anlegg med dårleg velferd.
- Arbeid med tiltak for å redusere dødelegheit og velferdsutfordringar.
- Inspeksjonar og prøveuttak i akvakulturanlegg.
- Setje i verk tiltak ved påvising av alvorlege sjukdommar.
- Hjelpe andre team som arbeider med tilsyn ved slakteri, fartøy eller landanlegg.
- Rettleiing av næring og publikum.
Vi tilbyr
- Fast stilling som førsteinspektør, med løn etter avtale (for tida kr 680 000 til kr 780 000).
- Gode ordningar for arbeidstida (fleksitid og sommar- og vintertid).
- Fagleg utvikling innan akvamedisin, regelverk og risikostyring.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse.
Requirements
- Du må vere veterinær eller fiskehelsebiolog med norsk autorisasjon.
- Du må ha god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk.
- Du må vere trygg i bruk av digitale verktøy og setje deg raskt inn i nye system.
- Du må ha gyldig førarkort klasse B.
Skills
AkvamedisinTilsyn og inspeksjonRisikostyringFiskevelferdSaksbehandlingKommunikasjon
Salary
680 000 - 780 000 NOK
Experience
mid-level