Autosøk
Barnevernssamarbeidet i Vest Telemark, Kviteseid kommune logo

Kontaktperon

Barnevernssamarbeidet i Vest Telemark, Kviteseid kommune

GRANVLIVEGEN 1A, 3850 Kviteseid

Job Description

Kontaktperson

Ønskjer du å bidra til ein tryggare og betre kvardag for barn og familiar? Barnevernsamarbeidet i Vest-Telemark søkjer ein engasjert kontaktperson som vil vere med og skape positive endringar i barn sine oppvekstvilkår.

Vi er ei innovativ og framtidsretta teneste med høg fagleg kompetanse, der samarbeid, openheit og løysingsorientert arbeid står sentralt. Hos oss blir du ein del av eit sterkt fagmiljø med fokus på fleksibilitet, samhald og fagleg utvikling.

Vi har ledig 100 % vikariat som kontaktperson frå dags dato til 31.08.2027.

Arbeidsoppgåver

  • Saksbehandling, oppfølging og rettleiing av barn og familiar i tråd med barnevernslova.
  • Samarbeid med andre instansar for å sikre heilskaplege og gode tenester.
  • Aktiv deltaking i faglege drøftingar og kompetanseutvikling.

Vi tilbyr

  • Ein spanande og meiningsfull jobb der du kan gjere ein forskjell.
  • Høgt fagleg nivå med fokus på utvikling og kompetansebygging.
  • God opplæring og rettleiing.
  • Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og hyggelege kollegaer.
  • Regelmessig oppfølging frå teamleiar.
  • Sak- og prosessrettleiing i gruppe med psykolog.

Requirements

  • Du må ha utdanning som barnevernspedagog eller sosionom, gjerne med relevant vidareutdanning.
  • Du må ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
  • Du må ha førarkort klasse B.
  • Du må ha evne til å strukturere eigen arbeidskvardag og sikre framdrift.
  • Du må kunne handtere krevjande og pressa situasjonar.

Skills

SaksbehandlingRettleiingBarnevernfaglig kompetanseSamarbeidsevnerDigital kompetanseSystematisk arbeidsmetodikk

Experience

mid-level

Similar Jobs