Overlege
Divisjon psykisk helsevern/ Klinikk sikkerheitspsykiatri, Helse Bergen HF
Sandviksleitet 1, 5036 Bergen
Sign in to auto-apply
Job Description
Overlege
Vi søkjer no ein ny kollega som vil vere med å vidareutvikle eit heilskapleg og framtidsretta behandlingstilbod for ei kompleks pasientgruppe ved Klinikk sikkerheitspsykiatri. Klinikken er ein del av Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen.
Arbeidet i klinikken er prega av tett tverrfagleg samarbeid, med tid til rettleiing, faglege diskusjonar og fordjuping i pasientarbeidet. Vi legg stor vekt på langsiktige relasjonar, kontinuitet og stabilitet i behandlinga.
Arbeidsoppgåver
- Fagleg ansvar for pasientar ved Lokalt sikkerheitsnivå med hovudstilling i Sikkerheitspoliklinikken.
- Deltaking i inntaksteamet på Lokalt sikkerheitsnivå.
- Klinisk verksemd med utgreiing, diagnostisering og behandling av psykiske lidingar, valdsrisikovurderingar og handtering.
- Gje rettleiing til øvrig personell, kommune og andre samarbeidspartnarar.
- Delta i det tverrfaglege arbeidet ved klinikken, samt på tvers i divisjonen.
Requirements
- Du må ha norsk autorisasjon som lege med spesialitet innan psykiatri.
- Du må ha gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.
- Du må kunne leggje fram vandelsattest før tilsetjing.
- Du må inneha førarkort.
- Erfaring frå sikkerheitspsykiatri, rettspsykiatri og rehabilitering vil bli vektlagt.
Skills
PsykiatriSikkerheitspsykiatriRettspsykiatriValdsrisikovurderingDiagnostiseringTverrfagleg samarbeidRettleiing
Experience
senior