Autosøk

100 % fast stilling som avdelingsleiar

Skjåk Kommune Sentraladministrasjon

Moavegen 30, 2690 Skjåk, Innlandet, Skjåk

Job Description

Vil du vere med og forme framtidas helse- og omsorgstenester i Skjåk?

Vi søkjer ein trygg og engasjert avdelingsleiar til Bismotunet bufellesskap. Her får du ei sentral leiarrolle med ansvar for fag, drift og utvikling – i eit sterkt fagmiljø som satsar på meistring, kvalitet og ny teknologi.

Om stillinga

Som avdelingsleiar får du ei sentral rolle i å sikre gode tenester til bebuarane våre og eit trygt og utviklande arbeidsmiljø for dei tilsette. Du har ansvar for dagleg drift, journalføring, samordning og leiing av tenesta, og fagleg kvalitet og personaloppfølging.

Arbeidsoppgåver

  • Leie og vidareutvikle avdelinga med fokus på meistring, kvalitet og gode tenester
  • Planleggje og sikre forsvarleg drift og rett bemanning i samarbeid med tenesteleiar
  • Følgje opp, rettleie og støtte fagansvarlege, samt samordne fagarbeidet
  • Sikre god dokumentasjon og ivareta journalansvar
  • Planleggje og gjennomføre opplæring i helse- og omsorgstenestelova kapittel 9
  • Ansvar for relevante fagsystem
  • Leggje til rette for kompetanseutvikling og læring i avdelinga
  • Bidra til utvikling og bruk av meistringsteknologi
  • Samarbeide med helse- og omsorgstenester, skule, arbeidstilbod og spesialisthelsetenesta

Requirements

  • Du må ha relevant treårig høgskuleutdanning.
  • Du må ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
  • Du må ha førarkort klasse B.
  • Du må kunne leggje fram godkjend politiattest.
  • Det er ønskjeleg med leiarerfaring og erfaring frå arbeid med personar med samansette behov.

Skills

LeiarerfaringHelse- og omsorgstenestelova kapittel 9Fagutvikling og kvalitetsarbeidDigital kompetanseMeistringsteknologiPersonaloppfølgingJournalføring

Experience

mid-level

Similar Jobs